Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trykk, 4480 KVINESDAL
1992
Klikk her for å lesa ”Føreordet”
Klikk her for å høyra Samuel Gysland fortelja om boka «Fotefar frå folk føre»
Lydfilane er henta frå Radio Lyngdal

 

Førjulsmørke og juletradisjonar

 

Etter kvart som ein blir eldre og kanskje får barnebarn, blir det mange minne frå eins eigen barndom som kjem fram att og leikar i hugen.

Tida før jul var like mørk då vi var barn, som ho er nå, og så var det så mykje mindre bruk av lys då. Heime hadde vi ikkje fått elektrisk lys, og parafinlampa måtte ikkje tennast før halv fem om etter-middagen. Var det ekstra mørke dagar, kunne ein få dispensasjon for tenning halv fire. Det var feststemning når kaffimåltidet kunne etast med lampelys.

Ein kunne vere viss på at det var helg dersom det var tent lampe i ganga om kvelden. Kom der gardsfolk på besøk vanlige verkekveldar, var gjerne snåvinga i treskorne det første ein høyrde. Skreddartimen var i mørkninga, og var der fleire inne, drygde dei gjerne litt med lampetenninga. Omnsdøra stod gjerne oppe, slik at eldskuggane blafra på tak og veggar og laga naturlige kulissar til skrømteseogene og til forteljingane om ulvar som hadde teke sauar eller endåtil små barn.I slike kveldar kunne det vere resikabelt å ha beina under bordet i mørket, og ein tur på utedoen var heilt nifs.

Men mørketida bar likevel i seg den gode ventinga på «jol å goe daga», som eit munnhell seier. Slaktinga blei unnagjort først, og godt var det. Det sette djupe sår i barnehjarta, å sjå og høyre når dei fine lamma fekk øksehammaren i panna og blodet spruta i fatet. Det måtte kraftig røring til, slik at ikkje blodet levra seg, for snart skulle det bli pølse til mange gode måltid. Av hjarte, lever, lunge og nyrer pluss mykje feitt og litt av det simplaste kjøtet blei det «korv» som var så god at han smelta både i steikepanna og i munnen. Ja, alt dette var unnagjort før sjølve juleførebuinga tok til. Det var særlig vask og kakebaking. Rett før helga var det lefsebaking, for lefsene måtte vere nye og gode. Det var ikkje å hente mat i frysen då, nei. Når lefsene var ferdige og julekakene låg store og blanke, knudrete av rosiner og sukker. — Når krukkene med sandkaker, julekringler og kokuskaker stod sprekkfulle i matkammerset. — Ja, då var det like før.

Nettene før jul var lange, og bra var det, for fortare gjekk ventetida. Desse lange nettene hadde sine ”regler”, så som: «Lussinottå den langa. Kjyrå bide tri gonje i banne, å veren seie o æ som tvo» og «Todda spole, nott å da før jole».

Julaftans-morgonen måtte folket tidlig opp, for tradisjonen sa at smøret måtte kinnast før lefsene blei smurde. Barna fekk kanskje lov til å sitte på kinna, der fløten blei elta rundt og rundt og sa: «Boreli bumpum. Boreli bumpum». Ei lefse og ei potetkake med nytt smør og sukker på, var første julemåltidet. Også barna fekk sterk, god kaffi med mykje sukker og fløte i.

Matstellet seinare på dagen var helst lettvindt, for dei fleste hadde nok litt att frå det digre morgonmåltidet, så dette tok dei gjerne som mellommat før glosteika klokka fire på ettermiddagen. Dettte var feit sidesteik (ribbe) av sau — oprinnelig steikt på omnsgloen. Til steika høyrde der lefse og mørk, herlig «gome». Poteter høyrde ikkje med, så tradisjonen går nok så langt bak i tida at poteten ikkje var komen i bruk. Til dette måltidet høyrde der og sterk kaffi.

Ennå er vi ein del som held denne gamle skikken ved lag. Maten er så velsmakande at ein kan gle seg til jul heile året bare for dette måltidet.

Var helga ringa inn frå klokka fem til klokka seks, så var det slutt på alt som arbeid heitte — utanom det heilt nødvendige matstellet, og stell av dyr. Fuglebandet var på plass, og tenningsveden var ordna for helgedagane. Rokken var sett til sides, og vevgogna fekk kvile til over nyttår.
Alt var ferdig for sjølve julegrauten og julekvelden, men det er ein annan historie.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *