Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Forliset i Halvardsøy

I 1850-åra var det to oppsittarar i Halvardsøya. Den eine heitte Henrik Jakobsa og var kommen frå Buvika i Bjarkøy. Den andre var kommen frå Sverige og blei kalt Karl Svenske. Kona til Henrik heitte Rebekka og var søster til Signel Marie, som var gift med Karl Svenske.

Ein vinter var Henrik og Karl Svenske i Lofoten, og konene var heime i lag med ungane. Då det lei utpå vinteren, slapp dei opp for brensel og mat ute i Øya, og Signel og Rebekka rodde då inn til Flakstad og fekk tak i det dei trengte. Då dei var på heimveg, la han over med nordavind og snøkav, så dei såg verken land eller lei. Signel og Rebekka rodde og sleit og tenkte på ungeflokken som sat heime og venta. Dei var så nær Halvardsøya at dei syntes dei hørte hunden gøydde, men greidde ikkje å finne fram i kavet.

Då dei endeleg fekk landkjenning, var dei inne i den folketomme og øde Blyfjorden. Dei klarte å komme seg i land der og fekk også berga båten, men Signel, som gjekk med barn, var då så utsleten at ho seig over og blei liggande. Rebekka var yngre og sterkare. Ho prøvde å få søstera opp og halde liv i henne, men Signel døde der i snøen. Rebekka tok båtseglet og balla henne inn i det. Så tok ho til å gå. Ho visste at når ein gjekk over Blyfjordheia, ville ein til slutt komme ned til garden Finneiv. Men vegen var lang, og trøytt og utsleten var ho også. Ho greidde likevel å komme seg så langt at ho såg lysa frå garden. Då sette ho seg på ein stein og tok til å rope. Til alt hell var det folk som hørte henne. Dei gjekk oppover og fann Rebekka, men ho var då sanselaus og rådde ikkje lenger med seg. Så fekk dei henne ned til Finnelva og stelte med henne til ho kom seg igjen og kunne fortelle om det som var hendt.

Rebekka låg på garden eit par dagar, og så gjekk ho til Olaheimen og derifrå over til Bunkan, der ho visste at det var mannfolk helme. Dei tok mat og brensel med seg og førte henne heim til Halvardsøya, der barna hadde vore åleine i fleire dagar. Etterpå måtte Rebekka vere med ut til Blyfjorden og hente båten og liket av søstera.

Dei to mennene i Lofoten fekk ikkje tidend om det som hadde hendt i Halvardsøya for dei kom heim utpå vårparten.
(Ester L. Sørensen)


I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.
rebekka.jpg
llustrasjon:
Pennetegning av Karl Erik Harr, hentet fra: "FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA II" av "Arthur Brox"

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *