Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trtkk, 4480
1992
Klikk her for å lese ”Føreordet”

Forminnefeltet på Tingvatn i Hægebostad

Tingstaden for Vats tinglag/skipreie

 

Sjølve namnet Tingvatn, er todelt, og kjem av Vatn og Ting. Vatn har nok oprinnelig vore namnet på garden, som sikkert har hatt busetnad langt bak i tida.

På den ”gamle tingplassen” ligg det store fornminnefeltet med steinset-tingar og gravhaugar. Gjennom feltet går ein gammal daleveg, som var i bruk bortimot 1920. åra. Her var også hestemarknaden som gjekk under namn av Sommartinget, seinare bare Tinget, heilt fram til i mellomkrigstida. Då blei marknadsplassen flytt eit hundre meter vestover til den nye dalevegen.

Tingvatn

Tingvatn sett fra nord – ca. år 1900. Den nyaste tingplassen er markert med eit kryss. Dette var på H. J. Rolfsen sin gard.
Fotograf ukjent.

 

Kva finn vi på dette feltet?

Her på sletta er det registrert sju gravhaugar pluss tre runde steinsettingar. I tillegg til dette er der ein stein-alle der det ser ut til å ha vore 14 stein. Nå er det att 11.

Frå dette feltet er der inga jordfunn, men ut frå liknande felt andre stader kan ein trulig rekne med at anlegget er frå tida omkring år 0. Steinringen i nordkanten av feltet er omlag 15 m i diameter og blir kalla Steinringen, eller aller helst Skjelvarspranget. Dette namnet på grunn av ei dødsdømd jente som heitte Skjelva. Ho skulle sleppe avretting der¬som ho greidde å hoppe fra stein til stein, ringen rundt. Sagnet seier at ho også greidde det like til siste hoppet. Då datt ho med hovudet mot den sjuande steinen. Der var blodet synlig i fleire hundre år. Avstanden mellom steinane er bortimot seks meter. – (Kva med stavhopp)

Sjusteinringen ligg på austsida av den gamle dalevegen. På vestsida og ca. 100 m lenger mot syd ligg Nisteinringen. På folkemunne heiter han «Dommarringen». Tverrmålet på denne er litt mindre enn på Sjusteinringen.

Det skal vere registrert ca. 450 slike steinsettingar i Noreg. Dei fleste rundt Oslo-fjorden. Tingvatnefeltet er likevel eit av dei største, og har noke som gjer det eineståande både i vårt land, og kanskje i heile Norden. Det er stein-alleen som går paralelt med vegen, og kan sjå ut til å ha danna eit eller anna samband mellom Skjelvarspranget og Dommarringen. Av denne alleen er der nå att seks steinar på den eine sida og fem på den andre. Dei ser ut til å ha stade parvis. Dersom denne rektangulære steinsettinga har danna ein sambandsveg mellom dei andre to store ringane så kan det sjå ut som utgangen frå Dommarringen har vore mot aust, og inngangen til Skjelvarspranget mot vest. Gata mellom dei parvise steinane er omlag 2,5 m brei.

Ved austsida av vegen er der endå ei steinsetting. Denne er heilt annleis enn dei andre. Dette er også ein ring. Tverrmålet her er omlag 14 m. Sirkelflata er avgrensa av ein kampesteinring lite høgare enn terrenget. Bare ein litt større stein står innfelt i sirkellinja i sydkanten.

Er der svar på gåta?

Kva kan det vere som har fått forfedrene våre som levde omkring Kristi fødsel til å ta strevet med å finne og frakte heim desse 30 store steinane, some på over ein kubikkmeter, og ordne dei til i eit slikt system? Aldri blir det vel svar å få på denne gåta.

Sju og ni-talet merker seg ut, om det kan ha hatt ei eller anna symbolsk tyding? Skjelvarspranget har sju stein, og stein-alleen har hatt to gonger sju stein, parvis oppsett (tre av desse er vekke). Dommarringen har ni stein.

Kva har funksjonen vore?

Mykje kan tyde på at det oprinnelig har vore eit gravfelt som seinare har gått over til å bli tingplass. Det kan også tenkast at ting-funksjonen har vore det primære. Her kan ein merke seg at i Sverige går slike runde steinsettingar under namn av «DOMARRINGAR». Steinalleen på Tingvatn skulle vel helst stø oppunder denne teorien.

Inne i Skjelvarspranget er der ein liten haug der dei ein gong på 1800 talet grov fram «litt verdilaust jernskrap». Når det gjeld den sirkelforma flata avgrensa av kampestein, så er der ting som leier tanken inn på at dette kan ha vore ein holmgangsring.

Flytting til «den nye tingplassen»

Denne gamle tingplassen (gravfeltet) har nok vore i bruk frå tida litt før eller litt etter Kristi fødsel, og til ut i vikingtida, eller kanskje endå seinare. Ein kan gisse på at flyttinga her gått føre seg kring år 1000.

Den gamle aust-vest vegen Ås i Grindheim — Tingvatn — Kvinesdal gjekk gjennom eller like ved den gamle tingplassen. Den nye tingplassen fekk også plass ved den same vegen, bare 200-300 m lenger vest, ned mot Lygne.

Dette har blitt eit nærast «skreddersydd» ting-anlegg med dommarstein, talarstein og 12 stein «taburettar» for retten plassert på ein avlang, avrunda morenehaug. Vest for tinghaugen låg Skei-ækrå, og i nordvest nede ved Lygne låg Ve-haugen. Desse namna har halde seg, og er ennå i bruk.

Nydyrking

Det var lensmann og stortingsmann Hans Jakob Rolvsen (1820-1893) som i si tid dyrka opp tingplassen. Han frakta dommarsteinen heim på tunet, der han ennå står. Han slutta med dyrkinga då han kom til talarsteinen, og sa at «nå kan etterkomarane mine dyrke resten». Olav Rolvsen (1882-1962) har fortalt at steintaburettane stod så nær kvarandre at det gjekk an å hoppe frå den eine til den andre, og at dei under dyrkinga fann små, spisse stein som trulig var pilspissar. (Etter H. J. Rolvsen, f. 1904).

Etter det som blir fortalt, kan ein tenke seg at dommarsteinen hadde front mot talarsteinen. Dei 12 steintaburettane har gjerne stått i ein halv¬sirkel rundt dommarsteinen og med opning mot talarsteinen. Utanfor denne sirkelen har der så vore steinar til å sitte på for det andre tingfolket.

Ved dyrkinga jamna dei haugen litt ut, og brukte steinane til kantborga.

Gravfunn frå området ved den nye tingplassen

I 1878 sende H. J. Rolvsen inn gjenstandar frå to gravfunn. Det var brot av ei leirkrukke og eit kvartsittbryne. Begge desse er tidfesta til ca. år 400.

To seinare funn er tidfesta til vikingtida (ca. år 900). I det eine av desse var der eit hestebeisel og eit bor (begge av jern). Det andre funnet var ei våpengrav. Her var det ein spydspiss, fleire pilspissar og eit sverd. Alt av jern, pluss ein jernleist og fleire skiferbryner.

Eit skipreieting for fleire bygder

Her tar vi oss lov til å sitere etter eit foedrag av Perry Rolvsen i samband med Hægebostad-reiå 1989:

«Det var eit skipreieting for fleire bygder, der alle frie menn hadde rett og plikt til å møte. Tinget hadde to hovudoppgåver: Det hadde domsfunksjon, og så skulle det vere eit slag samvirkeorgan for folket. Når det gjeld domsfunksjonen, så blei det nemnd opp ein lagrett på 6 eller 12 personar som skulle gjere teneste under forsæte av lensmannen, eller i einskilde tilfelle, futen.

I denne tida var det mange drap og mange tvistemål. Dette tinget var første doms-instans, og dommane kunne klagast inn til fylkestinget, og sidan lagtinget. Lensmannen var bøndene sin mann og ein svært viktig person i denne tida.

Skipreieordninga er frå 800-900 talet. Kvar skipreie skulle stille med skip og mannskap utrusta til krig. På 1200 talet gjekk dette over til bare å bli ei skatteordning.

Skattespørsmål kunne bli drøfta på tinget. Der var kunngjeringar — val av lensmann m.m. Skysstasjonar og skyssordninga i det heile var også ei viktig sak.

Tingen var ein møtestad for slektene. Der kunne bøndene diskutere og avgjere mange saker. Samtidig blei der avsagt dommar. Det var både haustting, vinterting og sommarting, og har nok vore eit stort arrangement.» Sitat slutt.

Bygder og bygdelag som høyrde med til Vats tinget

Til Vats tinget høyrde Hægebostad, Eiken, Grindheim, Bjelland pluss 10 gardar i Konsmo og ein del frå Laudal.

At tingstaden var plassert heilt i vestkanten av distriktet kan kome av at den naturlige sjøvegen gjekk over heiane, forbi Tingvatne og til Kvinesdal. Det var nok der skipet var plassert i den tida skipreieordninga var i bruk. Grunnen kan og vere at mektige høvdingætter budde og rådde i Tingvatn området. (Jfr. sagntradisjonen om Bjærumskongen og gravkam¬meret, Rishaugen).

Grensene for tingområdet har sikkert skifta fleire gonger. Vi tar med eit sitat av Docent Indrebø i ”Norske Bygder” Vest Agder 1925. «Etter at Lista og Mandals futerike var skilde vortne i 1784, var Vats tinglag deild vorte i tvo: Vats tinglag som umfata Hægebostad og Eiken. Og øydne tinglag som umfata Bjelland og Grindheim». Sitat slutt.

Sommartinget — Ein ubroten 1000-årig tradisjon

Når folk frå heile Sørlandet samlast til «Tinget» midt i juni, er det sikkert få som tenkjer på at på denne årstida har folket samla seg til ting, omtrent på same plassen i 1000 år — ja kanskje i 2000 år? (Bortsett frå krigsåra 1940-1945).

Frå først av var det nok tingfunksjonen som var det primære, men folk sette slik pris på å treffast i den varme, fine årstida som fall mellom våronn og haustonn. Då kunne dei handle hestar, og då kunne dei »sjå på live». Sjølve rettstinget slutta i 1926, men marknaden heldt fram like godt. I 1990 heiter det framleis «Å gå på tinget».

Få kommunar har slike kulturskattar som Hægebostad. Fornminneområdet for Tingvatn toppar nok lista her, saman med Snartemosverdet.

Vonlig vil det ikkje gå så altfor lang tid før dei som har interesse for historie, kan få seg ei reis 1000 eller kanskje 2000 år tilbake i tida når dei kjem på Sommartinget. — Den som lever får sjå.
 

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *