Internt referansenummer: 27.03.2009 – A
Kilde:
SOGNE-STUBBAR
Ragnar Kvamme
Teikningar av Odd Børretzen
EGET FORLAG
OSLO 1962
”Til minne om mor og far som båe sette stor pris på ei god soge.”
Klikk her for å lese ”Forord”

 

Første togreisa

For ikkje mange år sidan fekk Sogn den første jarnvegen sin. Det var ein liten stump frå Bergensbana ved Myrdal og ned til Flåm.

Det hadde vore mykje snakk og skriving om denne sidelina, og fullføringa hadde vorte sett fram til med stor lengt.

Då så endeleg bana var der, var det rimeleg at mange nytta høve til å ta seg ein tur. Turen kunne berre gå opp til Myrdal eller heilt til Oslo eller Bergen.

Ola som budde i ei heller avsidesliggande bygd og aldri hadde reist med tog, ville nå og ta seg ein tur. Berte, kona hans ville derimot ikkje.

Til Flåm med båten kunne ho fylgja, den kjende ho då, men heller ikkje lenger.

Så vart gjort, og toget vart inspisert på alle mogelege måtar. Til slutt var tida for avreisa inne.

Dei tok høgtidssamt farvel med kvarandre og Ola tok plass.

Berte sto åleine att utanfor, men då toget begynte å gå, sprang ho langs sida av det og ropa av all kraft til mannen:

«Ja, da seier eg deg Ola, at køyrer det for fort, så berre hopp av du!»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *