Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Fotefar etter Gammal-Erik

Aunegardane i Støren ligg på eine sida av Gaula og Tilseth på andre. Riksvegen går på Aunesida og Rørosbana på Tilsethsida.

På Tilsethsida rett over for Aune er det eit berg mellom Rørosbana og Gaula.

I dette berget er det fotfar etter ein person. Det er avtrykk av eit stort fotablad og etter ei dugeleg hestehov. Faret er trampa ra. 11/2 tomme ned i harde berget. Ein ser fotefaret tydeleg. Hestefoten har vore utan sko og fotabladet har både såle og hæl. Det er eit drygt steg imellom.

–    ”Der ha n’ stått og sjett over elva og bortpå Unnvaldet. Ho va vel for stor åt øm, elva, sa forteljaren.”

Teikna av Anders Krigsvoll

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *