Internt referansenummer: 16.02.2012 – BOK

Kilde:
GAMALT FRÅ LOM (Folk og fylgje tå alle salg)
OLAV T. KVAALE
LOM HEIMBYGDSLAG 1975
ISBN 82-990 408-0-9
Engers Boktrykkeri A/S – Otta
”Gamalt frå Lom” er utgjeve med stønad frå Ola Øyjorde, Lom Tamreinlag, Norsk Kulturfond og med stønad og garanti frå Lom kommune.
Klikk her for å lese ”Forordet”

Frå Bøverdalen

Nils Akslen fortel

Nils_AkslerBoverdalen

Til venstre: Nils Aksler, fotografert i 1966. Han døydde i 1971. Fotograf ukjent
Til høyre: ”Parti i Bøverdalen”, etter eit gamalt tresnitt.

Ein av dei som har gjeve flest tilskot til samlinga av gamalt frå Bøverdalen er Nils Akslen. Her fylgjer det han sjølv fortalde om livet sitt, om ting han hadde opplevd og mangt han hadde høyrt.

Livet hans var ikkje særskilt interessant eller ulikt mange andre sitt. Men han hadde eit svært godt minne, var flink til å fortelja, og representerer på mange måtar generasjonen som var vaksen ved år-hundreskiftet, og eit miljø som nå høyrer soga til.

Fantar på Sognefjell

 

Ein gong skulle lystringar og lomverar vorte samde om å gå saman for å renske fjellet for fantar. Dei skulle gå upp frå kvar si side, og dit dei møttest, skulle dei eige.

Lomverane gjekk upp både frå Høydalen og Bøverdalen og forf6r heile fjellet til Fanaroken. Dei møtte lystringane ved ein berghamar, og da hadde dei 2 fantar. Dei fekk slegi inn to jernkrokar i berget, og i dei hengde dei fantane opp. Berget heiter Galgeberg den dag i dag, og jernkrokane var der i allfall i 1901, da eg og Hans Toro gjekk dit for å sjå etter.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *