Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trykk, 4480 KVINESDAL
1992
Klikk her for å lesa ”Føreordet”
Klikk her for å høyra Samuel Gysland fortelja om boka «Fotefar frå folk føre»
Lydfilane er henta frå Radio Lyngdal

 

Frå Buli til Espeland – og litt til

Grenseområdet Lyngdal/Hægebostad er eit særmerkt område med mange historiske minne — eit utall av sagn og ein spesiell natur. Ver med på ein liten streiftur på «klyss og tvers».

Køyrde du nordover rv.43 frå Kvås ein mørk haustkveld, såg du alltid lys høgt oppe i ei fjellhylle i Vestheia nord for Birkeland.

Det var før det, og ikkje nå, for nå er gardane fråflytt og folkesnaue. Gardane, som ligg i denne fjellhylla eller «skoråe, er Buli og Skår.

Sjelden ser du Vestheia så bratt som i dette partiet mellom Birkeland i Kvås og Skjeggestad i Hægebostad. Der er takkete fjellformasjonar som heng utover, og koplar tanken inn på Vestlandsnaturen. Eit av desse fjella ber då også namnet «Skudefjedde». D.v.s. fjellet som heng utover. På solskinsdagar var alltid skuggen i dette fjellet ei klokke å lite på. Dei gamle kunne dette på fingrane.

Sjølve Buli/Skår platået ligg tilnærma 200 m over dalbotnen, med nokså loddrett fjellside. Slik held Vestheia fram 2-3 km nordover til Skjeggestad. I flaumtider spruter tallause småbekkar utover fjellet, men Skårsbekken, eller Raaen, som er rette namnet, kastar seg med dødsforakt utfor bratthenget rett vest for grensemerket Lyngdal/Hægebostad. Det blir fortalt om ein mann som sa seg villig til å la seg rulle utfor Raaen, dersom dei bare ville balle han inn i tilstrekkelig mykje halm. Heldigvis blei det bare med tanken. Men der er ein annan historie som gjer krav på å vere sann, og det er denne: Der skulle byggast hus i Skår, men tømmer var det verre med. Det næraste tømmeret var på toppen av Gyråsen, rett vest for Gysfossen. Ergo blei tømmeret foredla til planker oppe på Gyråsen og sendt over til Skår på løypestreng. Ein eldre mann fortalde at ei sending slapp laus, og hamna i dalbotnen som småved.

Bulifamilien
Bulandfamilien i slutten av 30 åra. Ole Buli og kona Rakel (f. Rudjord). Frå venstre dei tre barna: Anna, Odd og Oskar.
Fotograf ukjent.

Kvart år er det eit sikkert vårteikn når isen tar til å rase i Vestheia. I (Birkelands) Neset rett under Skudefjellet har det gjennom mange tusen år samla seg ei veldig storsteina ur. Då der var fastbuande folk på denne garden, bruka dei eit hol djupt inne i denne ura som kjøleskåp. Dette holet skal gå gjennom heia og like til Kvinesdal. Det var ein gong ein hund som smaug i gjennom her. Han kom ut att i Kvinesdal heilt snausliten for hår. Der beit han ein mann. Derfor er det ein gard i Kvinesdal som heiter Huns-bit (Hunsbeth).

 

Draumen som blei døyndom

Det var i 1930 Ole Buli sette i gang med å lage bilveg til den så godt som veglause garden. Det var privat initiativ i høgaste grad. Heile arbeidsgjengen var han sjølv og sonen, Oskar. Finansieringa måtte han også greie med sjølv. Undervegs fekk han rett nok litt tilskot her og der. På sju år var vegen ferdig, og Ole fekk kongens fortenestmedalje. Sjeldan har vel ein medalje vore meir velfortent.

Nå kom turistalderen til Buli: Ole bygde fem hytter som han leigde ut i mange år. Buli med den eineståande utsikten over dalen blei eit svært populært reisemål både for turistar og bygdefolk.

Buligarden går inn til Espelandsvatnet, som endar inne ved den eldgamle Espelandsgarden i Hægebostad. Her kjøpte Ole Buli eit bruk som kom på handel, og plasserte turistar også her.

Dei har sett merke etter seg

Den 13. juli 1973 la Ole Buli ned vandringsstaven for godt. Men det underlige var at same dagen som dødsannonsen stod i lokalavisen, så stod der eit langt stykka om eit anna storverk: Det var Sakarias Espeland som var 80 år. Han hadde saman med broren, Tormund, bygt veg frå Espeland og ned til Høyland/Snartemo. Sakarias og Tormund hadde kvar sin son til hjelpes ved vegbygginga. Vegen var bortimot halvmila lang, og arbeidet tok dei 20 år. Dersom sagaen om Sørlandsbonden ein gong skal skrivast, så fortener folka frå Buli og Espeland å få namna sine innskrivne med gullskrift.

Ein veglaus strekning på 2-3 km

Mellom Espeland og Buli ligg det lange Espelandsvatnet 392 m over havet. I omkrinsen er der fjelltoppar opptil 610 m høge. Her er flott sørlandsk høgfjellsterreng, der den gamle gangvegen buktar seg langs vatnet. Ein varm solsommardag kan du omtrent høyre kor stille det er når «bustyngen» leikar helikopter over vassflata. Siste delen av rusleturen vår, hallar det nedover mot Skår/Buli platået, og ved husa på Buli tar sjølve nedstigninga mot Birkeland til. Denne vegen er vel kanskje den aller største opplevinga. Stabbesteinane står heilt ytterst ute på fjellstupet og liksom kikkar etter kor lang luftfart dei ville få om dei tok overballanse. Her er ein nøydd til å sjå ned på andre folk anten ein vil eller ikkje… i alle fall dersom det er folk å sjå nede i dalbotnen. Ja, endåtil fuglane kan ein sjå i fugleperspektiv. Elva glitrar og blenkjer, dersom det er sol, og er det sommar, er heile dalen eit einaste stort, grønt lappeteppe der vegane dannar spesielle mønster.

Meir å sjå

Når vi er komne ned til Birkeland i Kvås, vil vi halde fram med turen vår nordover dalen 6-7 km — over elva nord for Snartemo, og vidare sørvestover opp på heia til utgangspunktet, som var Espeland.

Er der så meir å sjå enn vegen og naturen langs denne rundturen: Birkeland i Kvås — Snartemo — Espeland — Buli — Birkeland? Ja, der er vel snautt eitt område etter dalen som er så «overlesst» mmed minner — historiske og andre. La oss ta dei for oss. Først til Birkeland. Der er framleis fleire kjempestore gravhaugar som ruvar godt i terrenget. Like sør for grensen mot Hægebostad ligg Danefallet med sin historie og sine minner om bondeopprøret i dansketida. To tre hundre meter nord for den same grensen er den einaste registrerte steinalderbuplassen så langt nord i dalen. Under Ærenessteinen. Mellom denne steinen og elva er der tre dalevegar, eldre enn den nåverande. Den nyaste av desse blei ferdig heilt nord til Bryggeså kring 1835. Dette var den første hjulvegen. Før denne tida måtte varetransporten føregå anten på sleden eller på hesteryggen.

Espeland

Espeland ca. 1933. Til venstre. Sakarias Espeland med sonen Ola i fanget. Kona Eleanor står bakom. Til høgre sit bror til Sakarias, Tormund, med sin son, Oddvin i fanget, og kona Marie bakom. I midten framme: Bestemor, Jorunn Espeland.
Fotograf ukjent.

Nokså langt nede mot elva ligg den vegen som gjekk ut av bruk kring 1835. Også denne er godt synlig ennå, og har endå ei intakt stikkrenne som det går vatn i. Vegbreidda er 1,3 meter, og eit parti av vegen går i trapper av store steinheller. Dette er like ved Gysfossen som har eit fall på ca. 17 m gjennom ei fjellkløft med loddrette veggar. Canyon, som det heiter på fagspråket.

Frå botnen av fossen er fjellet stupbratt og nærast utilgjengelig heilt til toppen av Gyråsen. Likevel var det ein mann som klatra opp denne vegen i «gamle dagar», seiest det. Det var litt av ei bragd, når ein tenkjer på at han måtte greie seg utan hjelpemidlar. Mindre trulig er det når dei fortel at Jyrå» (jyr-Gygr) ein gong hoppa ned frå toppen av denne åsen og landa på Gysbergan. Der synest ennå djupe merke i fjellet etter føtene.

Jettegryter

Om lag ein km nord for Gysfossen er der ei fantastisk samling av jettegryter i elva. Det er eit minne frå den tida då isbreen låg over landet og issmeltinga laga store fossefall.

Desse jettegrytene er bare tilgjengelige sommarstid når det er lite vatn i elva. Der er plassar der det er over sju meter til botnen, og der er gryter som har samband med kvarandre under vatn.

Underjordiske

Det svarte partiet midt på bildet er porten inn til dei underjordiske. Rett framfor porten ser ein den mura vegkanten.
Fotograf ukjent.

Folkevandringstida

Like vest for R.V. 43 midtvegs mellom gardane Gysland, Birkelands — Neset og Jåddan ligg Borgåsen, der dei samla seg til vern mot fiendeflokkar på vandring. Borgåsen er bare til å kome opp på frå nordvestkanten. Han ligg ein god kilometer frå Snartemo. Alle gravfunna frå denne garden med sverdfunnet frå 1933 som krona på verket, skulle det gjere det unødvendig å nemne meir om dette.

Espelandsvegen

Ved Hægebostadbrua tar vegen mot Espeland av frå R.V. 43. Opp den lange Høylandsdalen er der mykje lyngmark, og fint utsyn over dalen. Det er nok for ein stor del lyngsviinga som må ta skulda for at liane kringom her har så lite skog.

Vegen går gjennom tunet på garden Erikstøl. Mellom denne garden og Espeland er fjellporten inn til dei underjordiske godt synlig i ei ufs tett ved vegen. For omlag 100 år sidan var trua på desse naboane så fast forankra at folk endåtil kjende til visse stader der dei underjordiske hadde buskapen sin. Var det ei ku som skulle bedekkast, var det bare å sleppe ho på denne plassen. Så ville ho etter vanlig tid få ein kalv av god rase.

Så er vi komne tilbake til Espeland som var utgangspunktet for turen vår. Det er ein eldgammal gard, og sagnet vil ha det til at Espeland og Naglestad skal vere dei to eldste gardane i bygda. Heilt til den store avfolkinga i trettiåra var her ei folkerik grend på Vestheia. Ja, på sjølve Espeland var der vistnok opptil 40 menneske, på det meste. Skole var her og. Kringom låg så dei andre gardane: Erikstøl, Bjørnstøl og Bergstøl. Då Tormund og Sakarias budde på Espeland bar dei inn opptil 900 høybører på ryggen kvar sommar. Om vintrane fanga dei fugl. Ein gong reiste dei til dals med 500 ryper i ein vending.

Leik og moro i eldre tider

Nå vil eg tru du er samd med meg i at vi har opplevd ganske mykje på rundturen vår, men ein ting er gløymt vekk, og det er dei gamle møteplassane. Der samlast ungdomen helgekveldane i sommarhalvåret til leik og moro. Der loga jonsokbålet i midtsommernatta, og der blei nok også tent mang ein eld i unge sinn. Det var slik det tok til — det som sidan skulle vekse seg til sterke kjensler og endå sterkare vilje. Då kunne det halde livet ut, i gode og vonde dagar.

På Snartemo samlast ungdomen «mæ Spilemanssteinen». Det er omlag eit steinkast frå funnstaden til Snartemosverdet.

Neste leikplassen var ved foten av Borgåsen: «Sijjanbrokkå» (Bakken der dei sat.)

Framfor Ærenessteinen, der det nå er registrert steinalderbuplass, var den tredje leikplassen. Her skulle det vistnok også vere vanlig å møte fram for å «dele ankeret» når noken hadde vore på bytur og handla brennevin for naboane.

Den fjerde og siste møteplassen var «Gullsletta», sør for Danefallet og rett inn for svingen nord for Birkelandsbrua.

Det verkar som meir enn bare eit tilfelle at desse fire leikplassane med opptil to km mellomrom har hamna tett ved kvart sitt fornminne.

Nei, det er sant: Eit mykje omtalt emne, i alle fall i gamle dager, har eg gløymt å streife innom på denne rundturen. Det er alle skrømtesogene som har samband med spesielle plassar. Men nå har historien blitt så lang og historiane så mange at det kan vere på tide å sette sluttstrek. Derfor droppar vi alt som skrømt heiter — i alle fall denne gongen. Takk for laget, så langt, og vel møtt til ny streiftur, og den gongen ute i terrenget — til sommaren.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *