Av fiskeriassistent Olav Jønnum
Hentet fra Årbok for 1970, 48.årgang
Nord-Trøndelag Historielag
Redaktør: Gudmund Leren
Steinkjer Trykkeri A.S 1971

Frå ei bygdakvern i Beitstad

Det var med det var kvern på Ulven. Der var det ein mølnar som var sers nøye på tørkinga av kornet. Alt korn som skulle males vart tørka i gamle dagar. Denne mølnaren skryta av sume menn fram for andre som tørkarar. Blant dem var det ein i Beitstad som heitte Tåmmås.

Så var det ein gong ein mann frå Dalbygda kom til kverna med nokre sekker korn til maling. Mølnaren spurde da om kven som hadde tørka kornet. Mannen svara:
–    ”Det har eg tørka sjøl.”
Mølnaren kjørte neven nedi ein sekk og sa da:
–    Dette er for rått, det går ikkje an å få til mjøl av det. Du får taka det med heim og tørke det meire.”
Mannen tok med kornet og tok på heimveg. Men så sette han kornet inn i stallporten på Røsegg og kjørte heim.

Ein åtte dagars tid seinare var han i veg og henta kornet på Røsegg og kjørte til kverna att. Mølnaren spurte da om det var tørt no. Mannen svara:
–    ”Eg veit ikkje, eg har hatt han Tåmmås te å fare over det litt.”
Mølnaren kjørte da neven i ein sekk, og da sa han:
–    Ja, slik skal kornet vera skal det bli bra mjøl av det.”
Og det fortelles at mjølet vart bra.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *