Internt referansenummer: 31.08.2011 – BOK
Kilde:
Segner og sogur frå Bøherad
Olav Nordbø
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER Nr. 56
OSLO 1945
Klikk her for å lese ”Fyreordet”.

Frå Jønnbu

På Jønnbu har det vore uroleg. Dei har set litt av kvart der.

Ein gong låg det nokre jegrar der. Det var om hausten og folk hadde fløtt av stulen. Tidleg ein morgo dei kom opp, såg dei det kom ridande ein mann på ein raud hest ut or fjoset. Og ved sida gjekk ei kjerring og leidde på ein unge. Mannen reid like ved i dei steinute og bratte og ville djuva. Og kjerringa og den vesle ungen fylgde med. Men korleis dei kunde ride og koma ned med hest der, det er ikkje godt å skjønne. Men det er no so mange gamle segner frå Jønnbu, der det var jonsokvake i gamle dagar. Og myrmalmbrenning med.

Det var fleir pålitelege folk som stod og såg på denne underlege ferda som fór ned i djuva, so dei meiner på at det er sant.

Det er jamvel ikkje so lenge sidan det hende. Og det rare var: Dei såg ‘kje eingong far etter hesten.

Ei gamal kjerring fortalde:
Ein gong eg var på Jønnbu for mange år sidan, var au Tore Krosshaugen og Gonil Flatland-Fossheim der. Dei låg der om natta. Og da var det piat, skulde du høyrt. Dei låg og prata etter dei hadde lagt seg om kvelden. Eg sovna og eg vakna og dei prata det same. Eg hugsar dei fortalte at det ein gong var tri gjentur på Jønnbu. Dei var til stuls der og den eine av dei var ei trollkjerring. Dei skiftas om og gjætte kvar sin dag.

Ein dag trollkjerringa var på fjellet og gjætte, fann dei to gjentune trollposen hennar, og deri var hår og neglar og mykje rart. Dei opna posen, — da kom ho brått so sveitten sila. Ho hadde kjent det på seg at det var noko som båvas og skjønna vel kva det var.

Da blei gjentune so ille med.

På Jønnbu har dei brent jønn i gamle dagar. Ein kan sjå store haugar med sinderklompar den dag i dag.

I Valdjuvshole budde ein fredlaus illgjerningsmann som heitte Ulv. Han heldt seg der i skugg og skjol i mange år. Han kunde brenne myrjønn. Men det kunde ikkje mannen på Jønnbu. So lærde han konsta av Ulv den fredlause.

Tett ved Jønnbu er ein stule som heiter Toristul. Der skal ei gjente (eller kjerring) som heitte Tore (eller Toril) ha blive i en bekk.

På Jønnbu og Gurosroe var jonsokvaken i gamal tid. Guro Heddeli skal ha vore på Jønnbu på vaken, heiter det. Gurosroe ligg ovanfor Sondstul og Ulevatnar, på vestsida av Joronnatttjønna. Der er ein slett voll der. Der dansa dei jonsoknatta. Men so var det ei gjente der som heitte Guro. Ho var so danse-galen. Ho fekk aller danse metta si. Ein gong på ein jonsok-vake dansa ho til ho seig død ned på bakken. Ho hadde enda lova i fyrevegen at på vaken vikle ho til næste år anten ho var levande eller daud. Året etter, om jonsoknatta, da dansen gjekk på det beste, kom ho att. Da blei dei fælne. Sidan har det ikkje vore dansa der. (Same soga blir fortalt om ei Helga som kom att til Jønnbu.)

Ved Gavlesjå budde ein gong ein prest frå Bø. Han heitte Svein og rømde dit da svartedauden kom. Han budde der mo aleine i 7 år. Da døde han. Dei bar mat opp til han til ein stad som heitte Stemningshaugan. Han planta ymse sjeldsynte plantar der som ein kan sjå ævur etter enno. — Maten og breva måtte dei ikkje ta i anna enn med treklypur.

Svein ligg gravlagd i ei ur der.

På jønnbu visste dei ikkje det var jul før mannen på Øverland slepte ut to kvite folar. Da visste dei det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *