Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Frå kommunestyresalen

Å vera avhengig av rutebilen…

I 50 åra var det ikkje vanleg at folk flest hadde privatbil. Kommunestyrerepresentantane var difor avhengig av rutebilen for å kome til og frå møta.

I Sogndal Kommunestyre vart dette med møtetid teke opp. Ein representant meinte møtetida måtte leggjast slik at det høvde med bussavgangane. Han for sin del hadde vanskar med å kome seg heim etter møta.

Saka vart drøfta ein del og ordføraren hadde denne konklusjonen:

– Eg har aldri høyrt om nokon som ikkje har kome seg heimatt etter eit kommunestyremøte.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *