Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Frå kommunestyresalen

Abraham Øvrebotn og frisk luft…

Forbod mot røyking i offentlege møte har også vore emne for strid. Somme har oppfatta det slik at tobakk er obligatorisk for politikarar og møteromma var ofte så røykfylte at den originalen som trongde frisk luft kunne dåne.

I Bremanger kommune har dei eit smelteverk som fyller heile Svelgendalen og området omkring med sur røyk. Denne verksemda trekte også anna verksemd til Svelgen, så det tilsist vart eit bygdesamfunn. Kommuneadministrasjonen vart også lagd dit.

No skulle ein tru at når smelteverket kom fyrst så kunne dei røyke så mykje dei ville, men det gjekk ikkje slik. Tilflyttarane tok til å klage på røyken. Klaga kom til formannskapet som hadde møte og drøfta denne ulidelege røykplaga. Alt medan sigarett- og piperøyken vart tjukk og stinn i moterømmet. Utanfor låg røyken frå smelteverket.

Då var det at Abraham Øvrebotn reiste seg og opna glaset medan han sa:

– Vi må visst få inn litt friskare luft.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *