Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Frå kommunestyresalen

Apartheid i Leirgulen og Rugsund…

I Leirgulen og i Rugsund hadde folk forsømt noko av det mest grunnleggjande for bygdene og det vart for lite ungar til å halde skule i begge desse krinsane.

Leirgulen som den minste krinsen måtte då gje avkall på skulen sin. Dette fall ikkje i god jord i Leirgulen, medan dei i Rugsund tykte det var som å sjå inn i Kanaans land.

Tilsist skulle kommunestyret ta avgjerd i saka og i debatten vart alle argument på begge sider tekne fram. Mellom anna det velkjende at ungar frå eit lite bygdemiljø ofte blir mobba og vil kjenne seg utanfor når dei kjem til ein større skule. Ein av representantane frå sentraliseringsfløya såg saka frå ein større synsvinkel:

– Her i landet er det vedteke at svarte og kvite skal gå i same skule, og då må ungane i Leirgulen og i Rugsund også kunne gjere det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *