Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Frå kommunestyresalen

Bjørn og skotpremie…

I Indre Sogn var det bjørn for ei tid attende, og dette var då bjørnen ikkje var freda, tvertimot, det var skotpremie på han. I Lærdal betalte kommunen eitt hurdre kroner for ein bjørn.

Ein lærdøl fann ein dag ein daud bjørn i marka. Han gjekk til kommunen og ville ha skotpremie for udyret. Men det kom opp at mannen hadde ikkje skote bjørnen, at dette var truleg ein som var sjølvdaua.

Kommunestyret skulle avgjere spørsmålet, men då mannen vitterleg ikkje hadde avliva bjørnen, kunne han ikkje godt få skotpremie. Kommunestyret som den gongen hadde velvilje for daude bjørnar, løyste saka ved å tilkjenne mannen hundre, kroner i finnarløn.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *