Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Frå kommunestyresalen

Da Leikanger og Hermansverk krangla om båthamna…

I Leikanger kommune har det av og til vore noko kniving mellom Hermansverk og Leikanger. Slik var det også då dei skulle avgjere plassen for småbåthamna.

Senterpartiet hadde teke standpunkt til plassering og gjorde framlegg om dette i kommunestyremøtet. Det kom straks protestar, og motstandarane forkynte at det ville vere umogleg å byggje molo der. Det var så botnlaust djupt, dei hadde prøvd å måle djupna med ein kjetting og ikkje funne botn.

– Vi kan heller ikkje vere samd med han Endre Gjerde, for han er det likegyldig kvar båthamna ligg, om det så var oppe ved skibakken i Kleppe, sa dei.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *