Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Frå kommunestyresalen

Den modige ordføraren frå Songdal…

Då Per Slinde var ordførar i Sogndal var det ordskifte i kommunestyret om bøndene i Øvstedalen skulle betale interessenttilskot til vegen som skulle byggjast gjennom grenda. Regelen var at interessentar skulle betale 10% av kostnaden, men Senterpartiet gjorde framlegg om at regelen skulle fråfallast i dette høvet og bøndene i Øvstedalen skulle sleppe å betale.

Ved avrøystinga vart det like mange røyster for begge framlegga. Då sa ordførar Slindre:

– Ja, da får eg gjera som han Oksvik og bruka dubbeltstemma mi.

Dermed stemde han ned framlegget til Senterpartiet, endå han var formann i partiet og var frå Norane. Alle tykte dette var modig gjort.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *