Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Frå kommunestyresalen

Fikling i Fjaler…

Då forplantingslæra skulle innførast som fag i grunnskulen valda det mykje hovudbry og kvide rundt om i kommunane. Avisene fråssa i historier både frå debattane og frå skulane.

I Fjaler vart det halde eit orienteringsmøte der alle instansar som ville få med saka å gjere var representert. Som vanleg var det mykje blygskap og dei som mislika faget var dei som lettast kom til orde. Dei hadde både tradisjon og skrifta på si side, meinte dei. Likevel vart debatten noko uryddig.

Sukkestad var ein roleg eldre mann, han sa mellom ansa:

– Nei eg likar det ikkje. Eg forstår ikkje at dette skal inn i skulen. Eg har aldri lært noko om dette faget, men eg har aldri vore opprådd. Eg har fikla sjølv og fikla so lengje at eg forstod det. Men det er so med dette at di meir du fikla, di meir lyst får du å fikle. Og når dei no skal til å fikle med det i skulen ogso, vert det etter mi meining altfor mykje fikling.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *