Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Frå kommunestyresalen

Forfallsgrunnen ble godtatt…

Valreglane har gjennom lov og føreskrifter endra seg frå tid til annan. Ei tid kunne ein veljar ha med seg fullmakt frå ein annan veljar til å røyste på hans vegne. Eit vilkår for at ei slik fullmakt kunne bli godkjend var at vedkomande veljar hadde lovleg forfall.

I Luster møtte ein veljar fram til røystestaden med fullmakt frå ei kvinne. Forfallsgrunnen var at ho var gravid. Dette var attestert av ein som hadde sett henne.

No ville lagnaden at ein i røystestyret hadde sett denne kvinna dagen før; då stod ho i åkeren og tok opp poteter. Dette kunne likevel ikkje prove at kvinna ikkje var gravid, men at ho tok opp poteter kunne tydast slik at då måtte ho også kunne gå til vallokalet. Det vart noko diskusjon om dette. Konklusjonen vart at når ei gravid kvinne stod i potetåkeren den eine dagen, måtte ho vere ute av stand til å gå og velje den neste. Fullmakta vart godkjend.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *