Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Frå kommunestyresalen

Gamleheimsbygget i Davik…

Davik kommune heldt på å planleggje gamleheimsbygg på Bryggja.

Planane vart drøfta i Davik kommunestyre der distriktslegen var til stades og gjorde greie for planane, romprogram og kostnadsoverslag m.m.

Bygget vil gje plass for 30 gamle, sa han.

Det var ymse meiningar som kom fram under ordskiftet. Mange meinte bygget var altfor stort og dyrt. Ein av desse var ein militæmann, som var sterkt imot heile prosjektet. Han reiste seg og sa m.a.:

– Hadde dette vore ei militærkaserne, skulle eg fått plass for 300.

Distriktslegen var snar å replisere:

– Ja, hadde det vore ein konsentrasjonsleir, skulle eg fått plass til 3000.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *