Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Frå kommunestyresalen

Konsulent i Gloppen…

I Gloppen skulle dei engasjere ein konsulent til eitt eller anna oppdrag.

Ein av representantane var noko usikker i saka, «ein konsulent kan vere sa mangt,» meinte han, «og denne var heilt ukjend.»

Rådmannen var samd i det som representanten sa, og understreka det med følgjande:

– Ein konsulent er som ein gamal hankatt med reve skinn og mange sår etter kampar i eit langt og omflakkande liv. Han har mykje kunnskapar, men trass i lang røynsle er han ikkje sjølv i stand til å gjere noko med kjettene, det må han overlate til andre.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *