Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Frå kommunestyresalen

Krangel om skotpremie på bjørn…

Det gjekk rykte om bjørn i indre Sogn. Folk var redde for sauene sine og ville gjerne få teke livet av dette udyret som gjekk frikar i marka.

For å få vekt interessa for bjørnejakt, søkte dei alle kommunane i Sogn om pengar til skotpremie. Dette gjekk glatt igjennom, det var bjørn i Sogn og det var sauer i fåre i alle kommunar.

Det gjekk ei tid utan at det hende noko, men så vart bjørnen skoten i Fortundalen, lengst inne i Sognefjorden. Luster kommune sende då krav om innbetaling av skotpremie frå dei andre kommunane.

Kravet kom også til Balestrand, men kommunestyret meinte det var urimeleg å måtte betale skotpremie for ein bjørn som var felt så langt borte frå Balestrand.

Femhundre kroner er mykje pengar å leggje ut til dette, tykte ordføraren.

– Ja, men vi har lovt det, var det ein som sa.

Ordføraren:

– Ja det er rett nok det, at vi har lovt det, men kven skulle tru dei ville skyte bjørnen?

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *