Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Frå kommunestyresalen

Kunne vere det same…

På ein kommunal veg i Fjaler var det ei trebru. Slitedekket på denne brua var av 2 toms plankar. Dette slitedekket var åt og vart dårleg, og kommunestyret løyvde ‘pengar til innkjøp av nye plankar.

Plankane vart innkjøpte og stabla opp ved brua. Der vart dei liggjande til året etter. Då var det ein av representantane som på eit kommunestyremøte minte om dette og spurde ordføraren kva tid han hadde tenkt å reparere brua.

– Plankane ligg ute og rotnar, sa han.

Ordføraren svara spakt at det sjølvsagt var gale dette at plankane hadde vorte liggjande ute så lenge.

– Men på den andre sida, sa han, om vi hadde lagt desse nye plankane på brua, so hadde dei lege ute likevel.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *