Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Frå kommunestyresalen

Liten skrift i Gloppen kommune…

Gloppen kommune hadde fått ny kopieringsmaskin som også kunne gjere stor skrift mindre og dette vart då gjort med sakspapira til kommunestyret. Då sparte ein både papir og porto.

Dette var uvant for somme, dei ville heller ha det på gamlemåten. Ein representant frå Kristeleg Folkeparti tok dette opp på eit kommunestyremøte. Han meinte at skrifta var så liten at den knapt var leseleg.

Det var rådmannen som hadde ansvaret for skrifta, og han svara at denne skrifttypen er den same som er nytta i salmeboker i lommeformat. Det skulle vere garanti for at skrifta er god nok, meinte han. Og han hadde aldri høyrt at Kristeleg Folkeparti hadde klaga på salmeboka.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *