Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Frå kommunestyresalen

Man må slippe yngre krefter til…

Ein mann frå Nordstranda i Gloppen hadde vore lenge med i styret for Gloppen Elverk. Dette var ein særs dugande mann og det var ikkje noko å utsetje på han i denne samanheng. Men det var ein fraksjon som ville ha ein annan person inn i elverkstyret, og så lanserte dei den fengjande ideen at ein måtte få nye og friske krefter inn i styre og stell. Og då denne karen frå Nordbygda var i sekstiårsalderen måtte han no få avløysing, slik at unge krefter kunne sleppe til i elverkstyret. Dette synet fekk alminneleg tilslutnad, men det gjorde ikkje den kandidaten som vart foreslegen istaden. Resultatet vart at kommunestyret valde ein ny styremedlem som var fem år eldre enn han som vart kasta.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *