Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Frå kommunestyresalen

Om å passe peisane…

Vik kommunestyre drøfta nedlegging av fødeavdelinga i Vik. Den vart altfor kostbar i drift.
Så vart det spørsmål om kva som skulle kome i staden. Å sende dei fødande til Voss var ein utveg, så lenge vegen var open. Men om vinteren var den ofte stengd, og fødslane var lite sesongprega.

Då var det ein representant frå Kristeleg Folkeparti som fekk ordet og meinte han hadde løysinga på dette:

– Vi får sende ut rundskriv frå kommunen at karane får passa peisane sine.

Det vart siste perioden hans i Vik kommunestyre.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *