Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Frå kommunestyresalen

Om å starte i rett ende…

Gloppen kommune hadde vedteke å byggje veg frå sjøen og til dei øvste gardane i Hennebygda.

Alle trudde at vegarbeidet fyrst ville kome i gang ved sjøen og at ein så arbeidde seg fram gjennom bygda for tilsist å ende på dei bratte gardane oppe i lia.

Men det underlege hende at vegarbeidet tok til i øvste enden i den veglause grenda. Dette vart mykje diskutert og tilsist kom det opp som sak i kommunestyret.

Då var det ein som tykte det var rimeleg at arbeidet starta i øvste enden,

– for det er dei som bur lengst vekke frå sjøen som treng vegen mest, sa han.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *