Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Frå kommunestyresalen

Om enkjer, Bibelen og Gloppen…

Det var søkt om tilskot til drift av ei skytebane i Gloppen. Det var lita stemning for å løyve heile den summen det var søkt om, og det var ein som meinte det var betre med noko enn ingenting. Han viste til at det er ikkje alltid dei store summane det kjem an på, men den gode ånd og vilje. I det høvet minte han ordføraren om noko han hadde lese i Bibelen om enkens skjerv. Men så var han ikkje heilt sikker på det siste, så han vende seg til Kaldhovden som var meir kjend i denne boka:

– Var det ikkje so det står om enkja i Sarepta?

Kaldhovden måtte då gjere greie for at Enkja i Sarepta hadde ein annan plass i skrifta, og absolutt ikke hadde problem med utkomme.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *