Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Frå kommunestyresalen

Renovasjon på skuledoet i Kjølsdalen…

På eit møte i Davik skulestyre låg det føre ein søknad om å få nytt toalett til Kjølsdalen skule. Det gamle var eit utedo, slik det var vanleg på skulen då.

No var utedoet i Kjølsdalen bygd slik at det var ein stor kumme under, men det var ikkje opning for tømming. I søknaden var dette nemnt og at det hadde gått 12 år sidan kummen var tømd, for ein måtte ta avfallet opp gjennom holet i dobenken.

Skulestyretformann Lothe spurde då representanten frå Kjølsdalen:

– Er det sant, Nils, at det står så dårleg til med skuledoet i Kjølsdalen som det står her i skrivet?

Representanten Nils reiste seg og med myndig røyst sa han:

– Ja, det er sant og det er mykje verre enn som så. Det var to mann som skulle gå ned og prøve å sende opp bøttevis av svineriet. Men dei kan takke sin himelske skaper for at dei er i live i dag.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *