Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Frå kommunestyresalen

Rett salme til rett tid…

Som mange andre kommunar har Bremanger av og til vanskar med å få endane til å møtast. På eit budsjettmøte hadde det vore mykje klage og ille læte frå både den eine og den andre kanten.

No høvde det seg slik at kommunestyret skulle ha ei festleg samkome same dagen. Ved bordseta var sytinga frå kommunestyremøtet endå i friskt minne og det vart føreslege å syngje «Dei vil alltid Klaga og Kyta.» Og det var gjort innleiingsvis.

Men etterkvart som dei fekk i seg mat og praten kom inn på andre ting, endra stemninga seg, og som avslutning song dei: «Deilig er jorden.»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *