Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Frå kommunestyresalen

Sure hol i Bremanger…

Bremanger Kommune er ein kystkommune med mange øyar og spreidd busetnad. Samferdsla er til dels vanskeleg og det kan, særleg vinterstid, vere temmeleg surt å ferdast med båt mellom øyane ute i havgapet.

I denne kommunen skulle det tilsetjast ny jordmor. Stillinga hadde vore utlyst og det hadde meldt seg to søkjarar. Den eine hadde lang praksis og den andre var nettopp ferdig med jordmorskulen.

Saka kom opp i kommunestyret for tilsetjing. Men dette var eit vanskeleg val, ungdom og pågangsmot var sett opp mot røynsle og ansiennitet og det var delt oppfatning. Argumenta hagla frå begge sider. Ein representant sa det slik:

– Eg vil stemme på den unge. Vi må ha ei ung og sterk ei når vi veit ho skal fare og rote i desse sure hola ute i øyane.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *