Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Frå kommunestyresalen

Tilmålt plass i møteboka i Kinn…

Ordførar Olav Færøyvik i Kinn var ein mann som ikkje overlet noko til det tilfeldige. Han styrte med sikker hand. Møta i kommunestyret var nøye førebudde. Oftast førte han møteboka sjølv.

Då skreiv han inn saka på førehand og med ei kort innleiing, og så sette han ope for vedtaket, som kommunestyret skulle gjere.

På eit møte ville ein partifelle setje systemet til ordføraren på prøve. I ei såkalla fillesak laga han eit framlegg i tillegg til ordføraren sitt. Framlegget til ordføraren var vel nok, men han meinte det var altfor knapt.

Han ville ha det meir utførleg, sa han, og han fekk andre med seg i dette synet.

Færøyvik tok alltid saklege omsyn, men her var det noko som ikkje stemde og dette ergra han slik at han tilsist måtte fram med sanninga:

– Framlegget ditt er vel og bra, sa han, men det er ikkje plass i møteboka til det. Basta.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *