Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Frå kommunestyresalen

Uthalings-strategi i Kalvåg…

Ordførar Reidar Torvanger var ein dugande møtestyrar, men også sterkt engasjert i ymse saker. Kommunestyremøta vart haldne i Kalvåg, og representantane frå dei andre bygdene måtte forlate møta når rutebåten la til kai.

Så var saka om å kombinere skule/samfunnshus oppe til debatt. Torvanger var ikkje for denne kombinasjonen, og han brukte uvanleg lang tid på innleiinga denne gongen. Alle la merke til dette og undra seg, men dei som hadde utsyn over Frøysjøen skjønte snart strategien med å hale ut tida.

Då båten fløyta, slo ordforaren klubba i bordet og kommenterte:

– Ja, lenger kjem vi ikkje i dag, vi må utsetje saka til neste møte!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *