Internt referansenummer: 19.02.10 – A
Kilde:
Sølvknappane (utgitt i 2001)
Av: Daniel Hoftun
(Klikk her for å lese ”Føreordet” til Sølvknappane)
(Klikk her for å lese diktet ”Ungkarsinteriør”)
(Klikk her for å lese om da Daniel Hoftun fikk Kulturprisen 2007)
ISBN 82-996123-0-6


Frå Kvilldal

Lått og løye i eit likfølgje…

Det sømer seg ikkje med lått og løye i eit likfølgje. Men i ei gravferd på ein av fjellgardane i Kvilldal, måtte dei til å flira og småle nokon kvar. Det var om vinteren og snøføre, så dei køyrde frå likferdsgarden på meiasledar. På ein av sledane sat tre liksyngjarar, det var Håvard Vetrhus, Daniel Saubakken og Odd Øyane. Vegen var noko ujamn somme stader, og då dei for forbi husa på Træ og song på det likaste, gjekk eine meien opp på ein hompe så sleden gjorde eit kast. Odd, som sat ytst, datt av og for på endastøyt ned den bratte bakken. Då vart det slutt med synginga med Håvard. Han sat og lo så han riste. Men Daniel sat like alvorleg og song salma til endes.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *