Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trtkk, 4480
1992
Klikk her for å lese ”Føreordet”


Frå Laukroken til Frognerparken


Det heiter i ordtaket at «lita tue kan velta stort lass», og dette er noke vi ser gong etter gong, at den eine hendinga dreg den andre med seg. Hadde ikkje akkurat den guten blitt kjend med akkurat den jenta akkurat den kvelden, så ville mange slekts-tre sett annleis ut.

Slik er det også med livslagnaden til det einskilde mennesket. Hadde ikkje far til Gustav Vigeland hatt treskjerarane frå Lauen å sende guten sin i lære til, så er det lite trulig at Frognerparken hadde blitt til — i alle fall ikkje akkurat slik han er nå. Det er slektsarven frå Sør-Audnedal og lærdomen frå Hægebostad som utgjer grunnfjellet under Vigelandsparken, som vel er rettaste namnet.

Alle skoleelevar frå Audnedalen og Lyngdalen kunne gjerne ha ein obligatorisk ekskursjon til dette eineståande kunstverket, og som endåtil har rot i vårt eige distrikt.

Ein 15 årig byggmeistar

Lauen

Husa på Lauen slik Ola Mathisen bygde dei som 15 åring.
Fotograf ukjent.

Ola Mathisen Lauen var fødd i 1790, og i 1805, då han var 15 år, bygde han nye hus på br. nr. 4 på Lauen. Den tømmermannen dei hadde tinga til bygginga, narra dei. Då tok 15-åringen over. Husa blei bra og står framleis. I 1844 var denne same Ola med og bygde Hægebostad kyrkje. Som den framifrå gode tømmermannen han var, fekk han ansvaret for å felle saman det «blanke navet» bak klokkarstolen. På grunn av forma som kyrkja har, så er dette eit halv-vinkelnav som er synbart i heile si høgd.

Han var godt i gang med arbeidet, men bad seg fri for å ”ture bryllaup”. Av erfaring visste byggmeistaren, Torje Taraldsen, at det ville bli for mykje av det sterke, og sa nei. Dersom han likevel gjekk, trong han aldri kome att. Ola tok han på ordet og gav seg til heime til dei kom og henta han. Ingen andre våga overta ansvaret for «det blanke navet».

Ola Mathisen og kona Åsilla Taraldsdtr. f. Gyberg, fekk ein son som dei kalla Tarald i året 1826.

Presten blei ingen svigerfar, men Tarald blei skomakar

Det seiest at Tarald vaks opp som «ein spretten og fin kar». Han var som andre gutar. Han lika å sjå på jentene. Det var serlig ei han feste seg ved, og det såg ut som sympatien var gjensidig. Ulykka var at ho var dotter til presten Aamot. Dette smaka på ingen måte prestefar, og så måtte det bli slutt. Få og ingen fekk vel vite korleis jenta tok det, men Tarald tok det tungt. Men livet måtte gå vidare, og han var «hendig» og slo seg gjennom som skomakar.

I den tida sat skomakaren og sydde heime hos alle «kundane», og Mandal var «byen» for svært mange når det var noke som skulle seljast eller kjøpast. Slik også for han. Der fekk han sjå slike fint utkrota pengebøker av ler. Denne kunsta måtta han lære. Han lærde det til gagns, kanskje betre enn noken annan. Ennå er her vistnok til pengebøker som han har laga. På vandringane sine blei Tarald kjend med dotter til ein mann som skulle vere komen frå Leland i Vigmostad. Denne familien budde på ein liten plass, Herstøl, under Valle prestegard. Då Tarald blei gift med dottera, slo han seg til her. Nå blei det mindre med skomakararbeid. Det var pengebøker det gjekk på, — og kanskje endå meir — knivar med utskorne skaft og kunstferdige slirer.

Stova kan brukast til så mangt!

Sjølve knivblada smidde han i stoveomnen, og knivskafta laga han av tornebusktre (kristtorn). Pusten eller belgen, som skaffa luftstraumen til glør¬ne, hadde han plassert på loftet med eit blåserøyr ned til omnen, og ei snor til å dra i.

Her smidde han også alle jerna til treskurden. øksenakken fekk gjere teneste som ambolt (smieste). Anten stod øksa fasthoggen i stabben, eller han heldt ho mellom knea. Ein mandalsmann spurde korleis han greidde å få så godt bit i knivane: Jeu, dæ ska æg seia dæg. Æg seie bare nabne på ei sinna kjedding når æg duppa kniven i hørslevatne. Då veit æg an bli kvasse,» svara Tarald.

Mønster og presseskiver av tre og metall til slirearbeidet, hadde Tarald sjølv laga og gravert. Noke av det aller finaste arbeidet sitt hadde Tarald gøymt i ei kiste. Her låg blandt anna den berømte «tolvbilled-slira».

Ein nevenyttig son

Her i Herstøl blei sonen, Elias, fødd. Han var ikkje stor før han tok til med det samme arbeidet som faren. Først lerplastikkarbeidet og seinare, bortimot konfirmasjonsalderen, også treskurden. Då Elias kom på skulen, blei han kjend med mange barn. Blandt desse var der ein gut på nokenlunde same alderen. Han heitte Gustav.

I lære

Ein dag kom bestefar til Gustav til den vesle verkstaden på Herstøl og spurde om barnebarnet hans kunne få lov til å kome til dei og øve seg i treskurd. Dette gjekk greitt i orden. Her fekk Gustav Vigeland den første og trulig den grunnleggjande opplæringa til det som seinare skulle bli eit gigantisk livsverk.

Elias og Gustav arbeidde godt i lag. Tarald likte bare så måtelig å lære kunsten frå seg. Det blir fortalt at då Gustav ein dag fekk kika ned i kista der det aller finaste låg, blei han så imponert at han sa at det like godt kunne vore gjort av englehender. Snart synte det seg at der budde uvanlige evner i Gustav, og han var så god til å kopiere det han hadde sett at Tarald kalla han: «Den som kan forsøyna sæg mæ euen”

Treskjerarverkstad

I denne vesle verkstaden på Flerstøl arbeidde nå både Tarald, sonen Elias og Nils Torp, som også var ein ypperlig treskjerar. Det var ikkje stor garden i Herstøl. Dei kunne bare fø eit par kyr, så treskurden måtte skaffe mykje av levemåten. Kjøpmann Hegnander i Mandal gav tri kroner for kvar pengebok, og fire kroner for ein kniv med slire. Ein slik slirekniv greidde Tarald å gjere ferdig på fire dagar. Dette var like før første verdenskrig. Elias og Tarald sitt arbeid fekk førstepremie på fleire utstillingar, men det gav lite pengar i pungen.

«Full-lært» — og vel så det

Tida kom då Tarald let den unge læreguten få høyre at nå kunne han ikkje lære han meir. Nå måtte Gustav til Oslo. Der fraus og svalt han som mange andre unge kunstnarar i denne tida. Lykka var med han slik at han kom i lære hos den kjende bilethoggaren, Bergslien. Frå nå av utvikla han seg til å bli ein av dei aller største og mest folkelige kunstnarane landet vårt har fostra. Gustav Vigeland godtok på ingen måte alt som gav seg ut for å vere kunst. Blandt anna kalla han ”den moderne målarkunst” for «fusk og smøreri». Han drog ofte fram episodar frå barne- og ungdomslivet og snakka mykje om Tarald og Elias Lauen og om Torp. Alt dette har nok vore med og sett sine preg på skulpturarbeidet, og det er nok meir enn ein sørlending som utan at han veit det sjølv, har vore modell for Vigeland.

Vi skal ta med eit sitat av historikeren Tore Bergstøl:

«Når ein snur ei knivslira som Vigeland laga, opp ned, vil ein sjå likskapen i form og stil mellom denne og monolitten. Det er dei same slyngningane i og om kvarandre — og Vigeland skar mange slirer i same stil og type. Ein kan derfor få inntrykk av at ideen til monolitten har ligge i han frå barnsbein: «Menneskets strev og higen mot lyset.» Sitat slutt.

Vigeland hadde ein gong nemnt med kona si at eit samankrølla foto av relieffet «Opstandelsen» saman med utskorne knivskaft hadde gitt ein ide til monolitten. Han sette stor pris på «barnelærdomen» frå Herstøl, og ein gong sa han med slektningen sin, Torje Leland, at ingen kunstnar hadde lært han noke. Han ville heller ikkje la seg påverke av andre kunstnarar, og sa ein gong om seg sjølv: «Eg var billedhoggar alt før eg blei fødd».

Elias på Oslo-tur

«Aftenposten» kosta ein gong gratistur på Elias Lauen så han skulle få sett det ferdige Vigelandsanlegget. Ved monolitten blei han ståande som «klumsa» og sa bare: «Å du Gusta, å du Gusta!» Ved «Sinnataggen» tok han til å smålæ. Men så sa han: «Va dæ inkje for dæ at dette æ et bådn, så ville æg trutt dæ va et sjålpotrett, for så sinna kunne Gusta bli.»

I året 1914 blei både Nils Torp og Elias Lauen bedne inn til Gustav Vigeland. Dei reiste med kystbåten og gjekk i land på brygga i Oslo. Men ingen Gustav var å sjå. Så laut dei spøre seg føre. Litt bortanfor stod der ei flott vogn med to hestar. Kusken høyrde kven dei spurde etter, og sa då at han var send for å hente to gjestar til Gustav Vigeland. Han hadde nok tenkt seg passasjerane annleis. Nå fekk dei i alle fall fin skyss — og flott middag. «Men», sa Elias seinare: «Me fekk noge mad æg inkje kunne eda å inkje visste æg koss æg sku eda dæ hella. Hadde æg fenje ei tiøres kaga å n’kopp kaffi, kunn æg ha ede gott.»

 

På heimetrakter

Når Gustav Vigeland var på heimetraktene, laut han mest alltid til Herstøl. Ein gong modellerte han ei av dei aller finaste barnebystene han laga, der på tunet. Det var den fire år gamle Trine Lauen, dottera til Elias, som sat modell — på et mjølkar.

Alltid når Gustav var i Herstøl, måtte han sjå på tolvbilledslira etter Tarald. Ho var vist ikkje heilt ferdig, og sjølv om Tarald var død for lenge sidan, hadde Elias slik respekt og vyrnad for fars arbeid at han ville heller ikkje fullføre slira. Han sa: «Nei, æg tor inkje røra dæ far he jort.» Denne slira kom vistnok til USA. Elles er kunstverka frå Herstøl spreide for alle vindar.

Det går ein del hermer etter Elias. Ein gong gjekk han forbi kommunehuset på Vigeland med ein vrien og vrang kalv. Kommunestyret hadde just pause og karane stod ute på trappa og flirte av Elias og kalven. Elias gjekk bort i mot trappa og sa: «De læ a mæg å kålven de, men æ ska seia døkke at heila soknå læ a døkke.»

Dei gamle bygdehandverkarane eller kunstnarane — originalane, om du vil: Dei skaffa mange glade stunder og mykje solskin til mange grå kvardagar i den tida då striden for levemåten var hard og tung. Av og til var dei også, utan at dei kjende til det sjølv, medverkande til ein skapingsprosess av det heilt store. Slik var det med Lauen-karane og Gustav Vigeland som skapte Vigelandsanlegget i Frognerparken.

Lita tue kan nok velte stort lass, men av og til kan også eit lite skubb vere nok til å sette eit stort lass på gang.

Skriftlige kjelder:
Agder i segn og soge — III og IV av Magnus Breilid —
Hcegebostadboka av Anen Lauen og Atterljom av Tore Bergstøl.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *