Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Fredrik Kalmaker

(Livsmakter, sjukdom og åtgjersle…)

 

Ein gamal runekall, Fredrik kalmakar (kardemakar) på Vinnesmoa, hadde fått tak i svarteboka frå Røppe. Han gjorde hennes Lisbet Nypåm mykje etter. Han «viste etter» tjuvar, hadde råd for engelsk syke og råd for tussane og meir slikt. I prestegarden var borna dårlege. Der var han mykje og skulde kurera dei; men det hjelpte ikkje.

Ein mann sa elles at dei som kjende kalmakaren godt, visste at sjøl trudde han ikkje noko på rådene sine, og ikkje på svarteboka heller. Men når folk kom til han, gjorde han viljugt det han kunde, so han kunde få betaling for arbeidet.

 

 Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *