Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Andres Olson Grefsrud


Fremmelege kjerringar

(Hjå Andres Olson Grefsrud)


Ei kjerring var digrast når ho gjekk med ein gut. So meinte dei at guten låg på høgre sida.

Når ei kjerring gjekk med småe, laut ho passe seg for mangt. Ho skulle soleis ikkje ta i blod, ikkje vera med i slakting og ikkje skvette. Heller ikkje måtte ho gå ut i sitt eige ærend med mat i munnen. Gjorde ho det, fekk ungen vond ande.

Hadde ei fremmeleg kjerring gjort bådnklede, skulde dei vera med henne i kista um ho og ungen fall burt i barseng.

Når ei fremmeleg kjerring skulde ha småe, skulde ho stå burt i peisen eller burt på åra, halde seg i skjøringen og strekkje seg. Då skulde det gå lettare å bli forløyst. Mange av dei gamle hadde difor vorte fødde i peisen eller på åra.

Ein gong var det ei fremmeleg kjerring som hadde vore ute og sett etter krøteri sine. Best det var, råkte ho inn på ein bjørn. Ho hydde undå so fort føtene bar, men bjørnen ok seg inn på henne. Han fylgde på like til ho kom heim til stølssætet sitt. Ho stengde att selsdøri, gjorde upp varme på åra og sette på ein vasskjel. Bjørnen baska ute. Han grov under timhra i selsvegen og vilde inn. Budeia skvette kokande vatn på han gjennom gluggi og svidde labbane hans med varmebrandar når han kom for langt inn på jordgolvet med dei. Men likt munte det.

No hadde kjerringi ein gjætslegut. Fyrst stappa ho gjætslekledi ut gjennom glugget og so guten sjølv. Han fekk stole seg til å gjera upp ein glup varme. Då fyrst vart dei kvitt bjørnen.

Ein annan bjørn hadde betre lykke med seg. Han hadde verkeleg fått tak i ei fremmeleg kjerring, rive ho upp og teke ut fosteret. Han skulde ha laga ei moseseng som ho låg på, kjerringi, med han gjorde dette. Der fann dei kjerringi daud med ungen liggjande jamsides. Han hadde vel vorte kvekt, so han ikkje hadde fått teke med seg ungen.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *