Kilde:
Frå eit langt liv – Folkeminne, segn og soge
Per Aarviknes
HELSINGSKRIFT
Utg. Av Volda Bygdeboknemnd
1975
Aarflots Prenteverk – ”Møre” 6101 Volda
Klikk her for å lese ”Føreordet”.
Klikk her for å lese ”Helsing frå ordførar S. H. Halkjelsvik”


Friaren Per frå Åmelfoten…

Ein mann frå Åmelfoten hadde ein son som heitte Per. Han var odelsgut og hadde retten til garden i Åmelfot. Per var glad i ei jente som heitte Marta og hadde sett henne ut til kone-emne, men faren lika ikkje det.

Ein gong hadde Per vore ut til Dale og vitja jenta si og kom heimatt om morgonen tidleg. Faren låg då utfor Litlebølandet og drog garn. Det kom då ein kastevind og kvelvde båten, og Åmelfotmannen for i sjøen. Med det same kom Per roande forbi og såg at faren låg i sjøen ferdig å drukne. Per berga han og fekk han med seg heim att.

Då dei var komne på bergande land, sa faren:

«Jenta kan du få, men garden får du inkje, du kan reise bort i Kvisla og rydje deg ein gard».

Guten laut nøye seg med det. Åmelfoten åtte den tid Steinsvikja som dei kalla Kvisla.

Oreskogen var so tjukk og stor at Per bygde seg ei stove av oretømmeret. Ho vart seinare seld uti Leikongbygda.

Steinsvikja vart seinare ein god gard, og Per og ungekona kom seg fram til velstandsfolk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *