Internt referansenummer: 15.03.16 – Bok
Kilde:
Eventyr og Segner
Barnerim, ordtak og gåter
Folkeminne frå Salten II
Av: Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 54
OSLO 1944

Friaren

(Saltdal)

Det var ein gong ein glunt som var ute og såg seg om etter kjerringemne. Så kom han åt eit hus der det budde ei kjerring som hadde tre vaksne døtter. Glunten fekk mora på tomanns hand og sa henne kva han hadde til ærend. Mora vart både gild og glad no det var kome friar i huset. Ho sa med glunten: «Du får sjølv rå, og ta den du best synest om.» Dette pekar bra i veg, tenkte han. Han takka for tilbodet; men glunten ville no ta det med tòl urlite innan han smikka til og fridde. Og så gav han seg av der den dagen.

Det vart då kvelden, og dei viste glunten seng oppå eit loftrom. Men der han skulle liggja, var det så ut or vona urydugt og vanstelt. Kringom golvet var bøsk og skrot, og i alt dette låg slengt klede og anna. Det var mest ikkje framkomande. Men glunten gjorde som han ikkje såg; han la seg berre å sova.

Om morgonen skulle dei bera mat på seng Åt han. Alle tre systerne var like motsig på å få bera maten; men då dei hadde bitest om dette eit tak, vart det slik avgjort at den eldste skulle i veg. Ja, ho kom på loftet. No venta glunten ho skulle synest åt vera dentid ho fekk sjå kor uflidd det var inne; men det var ikkje så mykje ho årsaka seg ein gong. Ho kom så ferm stigande fram til senga med maten.

«Er du eit slikt slørvting, du,» tenkte glunten. «Deg vil eg då ikkje ha til kjerring.»

No hadde han sett seg føre han ville røyna ut dei to andre systerne, om dei var meir vørne av seg. Glunten klaga seg klein, så han laut halda senga, sa han. Såleis kom han til å bli lig-gjande av der den dagen.

Morgonen etter var det den næst eldste som skulle bera maten.

Ho kom på loftet braskande, just som systera, det var ikkje så mykje ho såg ned for føtene ein gong.

«Du er like slørven som syster di,» tenkte glunten. «Deg vil eg ikkje ha til kjerring.»

No ville han sjå kva tå det var i den yngste innan han fór. Og så sa han at han kjende seg høveleg kleinpjuskåt den dagen og; han var ikkje så lik han vann seg opp, sa han.

Ja, tredje morgonen skulle så yngsteknetta få gang med maten. Fyrst ho hadde opp loftsdøra og fekk sjå kor det såg ut inne, ropa ho over seg: «Køry! Kor er det her ser ut!»

Så sette ho matkoppane frå seg utpå gangen. Tok så i ferd med å fli om inne på romet. Men glunten let så at det skulle ho ikkje gje seg om. «Kom heller hitett med maten, du,» sa han.
Men då brasa ho opp, vekja.

«Er du så forgale hørsjen etter mat, du som ligg klein?» sa ho. «Nei, er det ikkje verre stelt med deg, så kom deg berre or senga.» Dermed slo ho i døra og strauk ned med maten.

No hadde glunten sett nok. Dette var ei som kom til å ta rett på det ho fekk å styra med, det såg han; og høveleg kvass var ho tillike. Henne fridde han åt, og henne fekk han.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *