Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Friing og bryllup

Beda til bryllaups

I gamle dagar var det ikkje brudi som bad til bryllups. Når ho gjekk ikring til dei som skulde bedast, hadde ho med seg ei gjenta som bar fram ærendet. Gjenta spurde
– «um dei vilde gjera den æra å koma til bryllup den og den dagen til»
(so nemnde ho guten og gjenta som brudfolk skulde vera).
(Jahanne Maria Nilsdtr. Vestrus f. 1849)

Det må vera svært lenge sidan den skikken vart avlagd. Sidan har det alltid vore so at brudi gjeng åleine når ho bed til bryllup.

Folk måtte få god tid til å umråda seg med klæde og sending, difor vart dei alltid bedne åtte dagar fyre bryllupet.

Når brudi kom inn der ho skulde beda, måtte ho ikkje setja seg ned fyrr ho hadde gjort frå seg ærendet. Det var det same kor mykje dei bad og nøydde henne.
(Bolette Hansdtr. Lunde f. 1842)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *