Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Friing og bryllup

Brudebunad

Brudebunaden hev skift mykje dei siste hundrad åri.

Brudi hadde «skaud» på hovudet ei tid. Ho hadde eit silkepanneturklæde som var fest i nakken so snippane hekk nedetter ryggen. Midt på hovudet var «rinselen», den var av tre på skap som ein nymåne. Utanpå var det kvite skautet.
Gunder O. Vestrus f. 1841

Det er uvisst um skautet høyrde med til sjølve brudebunaden.

I Øyslebø sokn hadde brudi eit «brudelad» (?) på hovudet. Det var av fløyel, og stasa med fjører og glasperlor, so det skein imot soli lang veg. Det stod høgt til vers litegrand attanfor hårgarden, og det var fast i eit breidt silkeband som låg som eit panneturklæde og var fastheft nedantil bak i nakken. Når brudi skulde hava Uneklædi på seg andre dagen i bryllupet, då hadde ho «rinsel og skaud».

Rinselen låg yver hovudet tri-fire tumar attanfor hårgarden. Han var av tunt tre eller papp, umlag tri tumar breid, og fastsydd til eit breidt silkeband med kvit kniplingskant framyver panna, og fastheft i nakken som brudeladet. Det var berre konor som gjekk med rinsel, og berre so lenge dei var noko unge. Gjentone brukte ikkje rinsel, men «rult». Den bøygde seg tvertyver hovudet som rinselen, men rulten var av ty og stoppa med stry eller slikt noko, og han var ikkje so høg som rinselen.

Utanpå rinselen eller rulten hadde dei eit kvitt skaut. Dei brette det ihop soleis, og la det stramt um panna med bretten utanpå, so fallen a – b nådde kanten av rinselen eller rulten.

So bøygde dei snippane um einannan i nakken, og smøygde dei fram på kvar si sida under den faste parten av skautet.

Der var ei kona frå Svemland som bar eit barn til dåpen, ho gjekk med rinsel og skaut og kniplingar. Presten Haussen vilde negta henne å bera barnet fram på kyrkjegolvet, for det var «hoffærdighed» å hava sovoren stas på seg.

*     *     *

Den eldste brudestasen dei veit å fortelja um i Søgne, var ei smikka av fløyel som låg yver bringa, og ei fløyelsluva på hovudet. Dei kalla det «bru-ty». Både smikka og luva var prydde med sylvblondar og kniplingar.

Det var eit hol i kollen på luva. Dei la eit stykke ty under det holet for det jamne. Men dersom brudi hadde synda imot det sette bodet so det ikkje kunde dyljast, då måtte ho ikkje leggja nokon tylapp millom luva og hovudet. Då skulde presten kjenna håret når han la handi på hovudet hennar for altaret. Den skikken heldt dei fast på so lenge brudtyet var i bruk. Det vart venteleg avlagt umlag 1820.
(Bolette Hansdtr. Lunde f. 1842)

*     *     *

Brudkjolen kunde vera av bomull, ull eller silke etter som dei hadde råd til.
Pernilla Knudsdotter frå Åros vart gift til Øystre Songvig (1785). Brudkjolen hennar var av blå blommutt silke. Det var stakk og kufta med små skjøt og strame ermar.
(Hendrikka Jørgensdtr. Eig f. 1832)

Elisabet Andersdotter Lunde stod brud i kvit kjole (1819), og den var so tunn at dei sat og lo av henne då ho stod for altaret. Dei var vane med ty som var meir varugt.

Inger Torsdotter vart gift med Hans Hansson Lunde (1820). Dei hadde liti råd, so ho laut nøgja seg med mindre stas enn dei var vane med. Brudkjolen hennar var av kvitt bomullsty med grøne rosor i. Ho var med dei siste som stod brud med brudty. Dei som hadde betre råd, brukte det ikkje då lenger.
(Bolette Hansdtr. Lunde f. 1842)

Gunhild Knudsdotter frå Lone vart gift med Syvert Åmundson Eig (1839). Ho hadde kvit brudkjole.
Gunnhild Knutsdtr. Eig

*     *     *

Jens og Tarald Oftenes vart vigde same dagen (1842), Jens med Anne, og Tarald med Susana Katrina frå Ørmestad. Dei tvo mennene var brør, og dei tvo kvinnfolki var systrar. Anne hadde krans på hovudet, men Susana stod for altaret med kvit kappa. Ho hadde vore gift ein gong fyrr, og dei måtte ikkje bera kransen kon ein gong. Dei brukte ikkje myrtekrans, men blomekrans.
(Bolette Hansdtr. Lunde f. 1842)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *