Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Friing og bryllup

Dei tok merke av veret

Dagen fyre bryllupet var brudgomen sin dag, og bryllupsdagen var brudi sin dag. Etter som veret var blankt eller ruskut dei dagane, kom brud eller brudgom til å skipa seg i egteskapet.

Det var eit godt varsel når brudi fekk nokre regndropar i kransen, det varsla rikdom. Dersom det draup aldri så lite, gjorde ho seg ærend ut so mykje ho fekk litegrand dogg i kransen um ikkje meir. Dei sa:
Rig e reinbrua,
sæll) e solbrua,
men stormbrua får ikkje no løkke.

 (Abigel Nilsdtr. Stokkeland f.1844)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *