Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Friing og bryllup

Friing og truloving

Illustrasjon hentet fra boken Norske Folkelivsbilleder av Tidemand, Adolph og utgitt av Chr. Tønsberg (Christiania, 1854)

Gamle folk hev høyrt segja at friaren hadde belegut med seg fyre deira tid.
(Bolette Hansadtr. Lunde f. 1842)

*     *     *

Mikal Knudson Songvig hadde Nikolai Jørnson Vestre Songvig med seg på friing til Tone Kleppland (i 1850-åri). Dei kalla han «tolk», den dei hadde med seg til å bera fram friingi.
(Gunder O. Vestrus. F. 1841)

*     *     *

Ein skulde ikkje fria til gjenta når ein var i hop med henne i bryllup. Det vart ikkje nokor lukka av egteskapet då. Det beste var når ein kunde råka henne i fjøset, so ein kunde stå i fjøsdøri og bera fram friingi.

Mikal Austrus stod i kvidøri og fridde til Tone Kleppland.
(Gunder O. Vestrus. F. 1841)

*     *     *

Det var oftast foreldri som gjorde av egteskapi. Dei unge laut taka den som foreldri vilde dei skulde hava.

Hans i Romsviga gjekk til Rasmus Berge og bad um dotteri. — Du får ‘kje Rakkel, for ho kann gifte se sjel, ho e so pen. Men vil du ha Anne Gurina, så kann du få ‘enn, svara Rasmus, og Hans slo til med det. Dei vart vigde 1827, og året etter vart Rakkel gift med Tønnes degn.
(Abigel Nilsdtr. Stokkeland f. 1844)

*     *     *

Dei gjorde ikkje trulovingi kjend, dei dulde for det so lenge det var råd, og sumtid endå lenger.

Tønnes Beintson på Stausland tala med granneguten Tørres Tellefson, og meinte på at han ikkje skulde hava Anne (som han vart gift med), endå presten alt hadde lyst for dei same fyremiddagen i Greipstad kyrkja (1859).
(Abigel Nilsdtr. Stokkeland f. 1844)

Ola Andreasson på Stausland hadde lova sønene til Erik Stokkeland at han skulde segja frå når han skulde gifta seg.

Ein laurdag kom Ola til Stokkeland og sa: E vil bare hitt o segje de at i mora ska di lyse for meg. (Han sa alltid «meg»).
Dei herre lo av han, dei tok det for fjas. Dei kunde aldri tru at nokon vilde fortelja slikt for ålvor. Men det var rett nok likevel. Når Ola hadde lova noko, laut han halda det, endå um det bar noko ugreidt til. Det var i 1850 Ola gifte seg.
(Abigel Nilsdtr. Stokkeland f. 1844)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *