Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Friing og bryllup

I bryllupsstova

Når dei sat ved bordet bryllupsmorgonen, sat brud og brudgom øvst, brudgomen på høgre ( ?) sida av brudi. På same sida som brudgomen sat foreldri hans, um dei livde, og dei andre skyldfolki hans nedanfor. Brudi hadde sine folk i same orden på si sida av bordet.

Når dei kom heim frå kyrkja, sat brudgomen på den andre sida av brudi, og dei andre au skifte um til den andre sida av bordet.

Når dei hadde ete middagen etter dei var heimkomne frå kyrkja, tok dei til å dansa. Brudi skulde dansa fyrste dansen med kjøkemeisteren.
(Hendrikka Jørgensdtr. Eig f. 1832)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *