Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Friing og bryllup

Kyrkjeferdi

Når dei skulde til kyrkja, tok dei som budde i fjordgardane sjøveges til Torve eller Høllen, og so gjekk dei derifrå til kyrkja. Frå heidgardane og flatbygdi køyrde dei helst. Det var helst uvandt stell med køyregreidone. Når det var sledeføre, var det ofte dei hjelpte seg med å surra ein trestol på ein langslede til brudi. Dei andre sat på langsleden som han var.
(Gunder O. Vestrus f. 1841)

Dei hadde sine visse kvilestader etter vegen, der dei stogga og fekk skjenk. Men når dei tok på vegen att, laut det gå fort, helst når dei køyrde igjenom gardane. Når dei køyrde igjenom Lundetuna og det ikkje gjekk i tanande renn, so kunde det svint henda dei fekk eit hædingsord slengjande etter seg, som dette:
– ”Å, kjør nå kje møg forbi Lunne!”
(Johanne Maria Nilsdtr. Vestrus f. 1849)

Der låg nokre steinar ved kyrkjevegen på Stausland, like ved elvebrotet. Dei kalla dei Brusteinann. Der kvilde brudferdi og fekk skjenk, og so retta dei på stasen på brudi.
(Johan Markusson Stausland f. 1847

Dei gjekk inn i kyrkja par um par, karmennene på høgre sida av kvinnfolki. Fyrst brud og brudgom, so kom «fylgjet», tvo brudgomsmenner med kvar si brudkona, og tvo leidesveinar med kvar si «brudpige». Etterpå kom dei andre, dei eldre fyrst og ungdomen sist. Brudgomen og mennene i «fylgjet» sette seg i næst øvste stolen på karmannssida, og brudi og dei fire kvinnone beint yver midtgangen på kvinnfolkssida. Dei andre sette seg i dei nærmaste stolane attanfor.

I den gamle kyrkja gjekk kjøkemeisteren fyre inn i kyrkja og let upp stoldørene.

Dersom eitt av ljosi på altaret slokna under vigjingi, skulde den av brudfolki som stod på same sida, døy fyrst.
(Bolette Hansdtr. Lunde f. 1842)

Då Petter på Langeneset og Adine på Øydgarden stod for altaret i slutten av 1880-åri, slokna hans ljos. – Ho bi snart enke, sa dei. Det slo til den gongen. Han livde ikkje onnorleis enn eit par år etter bryllupet.
(Abigel Nilsdtr. Stokkeland f. 1844)

Etter vigjingi gjekk heile brudskreidi kring altaret og ofra til prest og dekn. Fyrst brudi, so brudgomen, og når han nådde fram til deknestolen, gjekk «fylgjet» og dei andre etter, kvar karmann etter det kvinnfolket han var i fylgje med.

Dei som var i sjølve «fylgjet», laut ofra noko flust. Difor var det sumtid dei bytte kjerring til kyrkjeferdi, so den eine huslyden ikkje skulde verta meir tyngd enn den andre av offeret. Dersom kjerringi laut ofra flust avdi ho var med i fylgjet, kunde mannen sleppa billegare for sin part når han var millom dei som gjekk bakum. Og huset deira hadde fenge si æra når den eine av dei var i fylgjet.

*     *     *

Når dei hadde drukke noko flust heime og etter kyrkjevegen, var det ofte dei kjende det ein lette når dei kom ut av kyrkja etter vigjingi.

Då Danjel Halvorson og Martine hadde vorte vigde (etter 1850) og kom ut i våpenhuset att, sa brudi:
– ”Nå har den største strien stått!” – So vende ho seg til brudgomen, han var noko hugmjuk; noko av brennevinet og noko etter det presten nett hadde tala til dei.
– ”Ikkje gråd, Danjel!” – Spel den, sa ho til spelemannen:

Hò e brua been a,
hò e brua been a?
Falleri fallera trallerallalala!    
(Gunhild Knutsdtr. Eig)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *