Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Friing og bryllup

Sending

Sendingi til bryllup og likferd bar dei gjerne i såkorgi, difor kalla dei henne gjerne sendingskorgi au.

Dei bar fram sendingi kvelden fyre bryllupet. Dei gav for det jamne seks—sju lefsor med skoning, og den var tvo til fire tumar breid. So bar dei eit stort fat med gumelgoe, fem til åtte kveitekakor, og minst eit halvt (bismar-)pund smør (3 kg). Sumtid bar dei søtost i staden for gumelgoe.

Hendrikka Eig segjer dei bar fire lefsor og frå åtte—ti merker upp til eit halvt pund smør. Siste gongen Hendrikka var med og klinte lefsor, var til Tarald Larssons bryllup på Eig umlag 1870.

Dei klinte smøret på med fingrane, skoningi kunde dei glatta med ei skeid.
(Sesilia. Andreasdtr. Lunde f.1844)

I gamle dagar sette dei smøret fram i smørbyttor eller forma i firkanta krota smørformer. Men seinare tok dei til å setja det upp i store runde «smørstykke» som smalna av uppetter mot den avrunda toppen, der det var fire krullar imot einannan. Dei laga krullane på den måten at dei sette odden av ei skeid imot smørstykket nede ved kanten, og førde henne uppetter stykket, medan dei skiftevis trykte skeidi hardare og lausare imot det. Det smøret som la seg inni skeidi, vart til ein fin krull på toppen av stykket. Dei brukte helst ei gamaldags sylvskeid med breidt blad til dette arbeidet, og dei vætte skeidi i varmt vatn so ho skulde sleppa smøret. Når alle fire krullane var ferdige,stod det ei breid stripa etter skeidi uppetter fire sidor av smørstykket. So tok dei gjerne ei treskeid med baksida upp, og sette den med odden ned noko djupt inn i smørstykket tvo eller tri stader yver einannan i kvar av dei fire bolkane millom stripone.

*     *     *

Det var visst helst ei av gjentone i huset som gjekk med sendingi, ei av dei vaksne døtterne eller tenestgjenta. Dei fekk skjenk og eit mål mat i bryllupsgarden.

Når sendingi kom til gards, skar reidkonone lefsone små, og reipigann» hjelpte til.

*     *     *

Tønnes Svemland på Lone var i vertskap. Då det leid til kvelds, vilde kjerringi på heimvegen; men Tønnes tykte det var for tidleg. – Mi he kje fenge att de mi he børe, sa han. Han vilde hava like for sendingi.
(Gunder O.Vestrus f. 1841)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *