Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Friing og bryllup

Spelemenner

Dei hadde jamt spelemann i bryllupi. I Per Beintsons bryllup på Vestre Songvig 1838 var Jakob Janson frå Flekkerøya og spelte fela, og han hadde med seg ein liten son som sat attmed faren og slo på triangel attåt.
(Hendrikka Jørgensdtr. Eig f. 1832)

Syvert Martiniusson på Eig hadde klanettblåsar i bryllupet sitt (i 1850-åri).
(Hendrikka Jørgensdtr. Eig f. 1832)

I Tomas Taraldsons bryllup på Repstad (1859) var klanettblåsar frå Stoveland i Manndalen. Han stod utanfor bryllupsgarden og tok imot dei då dei kom frå kyrkja. (Gunnhild Knutsdtr. Eig)

*     *     *

I eldre tid var det helst felespelar dei hadde. Då var spelemannen med til kyrkja, og han gjekk fyre og spela dei heilt inn i våpenhuset, og sumtid lenger. Nils Larsson på Stokkeland (f. 1799) var spelemann i mange bryllup, og då gjekk han spelande inn igjenom kyrkja fyre brudfylgjet, og so sat han i deknestolen ved sida av deknea og spela sahnetonane på fela.
(Johan Markusson Stausland f. 1847)

*     *     *

Tønnes i Myra og ein frå Hævåger hadde bryllup same dagen. Spelemannen skulde gå fyre brudfylgjet og spela brud-slaget heilt til stetta. Det var Nils Stokkeland som var spelemann for Tønnes. Han gjekk fyre båe brudfylgji og spela ein slått «Hei lysti på de eine beine», – det var visst ein springdans.
– ”Hò e detten for noe?” sa Hævågerbrudgomen. – Ska du kje spele brusla’e?
– ”Dennæ e go nok ida’,” svara Nils. Han gjekk og blunka til kikkarane, og dei stod tvikrokutte av lått.

Der skulde ikkje vera maken til Nils til å «ha ly’ i fejolen», det var so det klingra i husi når han strauk upp.
(Aabigel Nilsdtr. Stokkeland f. 1844)

Johannes Kristianson på Stokkeland (f. 1821) skulde au vera spelemann, han var i byen og lærde. Han møtte på sesjon i det bilet, og so spurde krigskommissaren:
– ”Hva er din livsstilling?”
– ”Je speller,” svara Johannes.
– ”Du kan vel ikke leve av det,” meinte den andre.
– ”De ser ‘ke ud te je kann døy a de heller,” svara Johannes.
(Johan Markusson Stausland f. 1847)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *