Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Friing og bryllup

Venda hugen

Dersom ein gut fekk noko av sveitten sin eller blodet sitt i eit eple, og fekk ei gjenta til å eta det, so vende han til seg hugen hennar.

Inger, mor til Bolette Hansdotter, åtvara gjentone sine at dei måtte sjå seg fyre um gutane baud dei eple. Det kunde vera dei hadde prikka fine hol i det og bore det i armhola so det hadde kome sveitte i det, og då vart hugen deira dregen til han.
(Bolette Hansdtr. Lunde f. 1842)

Det hadde same verknaden um guten skar seg litegrand i fingeren, og fekk noko av blodet i eplet han fekk gjenta til å eta.

Ingeborg Beintsdotter Berge (1802-1828) var so ven og stram ei gjenta. Dei sa ho gjekk med snørliv og mansjett kvar dag. Det var ein gut som plent vilde hava henne, men ho brydde seg ikkje det minste um han. Men so fekk han gjeve henne noko av blodet sitt i eit eple, og etter den dagen kunde ho ikkje halda seg ifrå han. Ho hekk etter han alle stader. – Det vart ikkje giftarmål med dei; ho døydde ugift.
(Abigel Nilsdtr. Stokkeland f. 1844)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *