Internt referansenummer:B-000016
Kilde:
Etter gamalt
Folkeminne frå Gudbrandsdalen III
Av: Edvard Grimstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 71
OSLO 1953
Sverre Kildahls Boktrykkeri
Klikk her for å lese ”Føreord”

Sjuker. Åtgjerder


Sjuker har det stødt vore nok av, og råder for dei har det heller ikkje vanta. Somt har hjelpt, og somt ikkje, og så har det vorte, før som nå, at ”somme har levt all si tid, og somme har døydd når tia kom”.

Frosken

Når eit bån hadde frosken, fekk det blæmer og sår på tunga.

Når småborn hadde frosken, skulle ein finne seg ein myrlapp. Så skulle ein ta eine labben på myrlappen og ha inn på tunga til bånet. Var det gutbån, skulle det vera høgre framlabben, og var det gjentbån, skulle det vera vinstre framlabben. (Ringbu.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *