Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Fryse i skank

Når dei braut på land så mykje fisk at dei ikkje vann å få han på
hjellen med det same, kunne dei la han «fryse i skank», som dei sa. Dei
heiv fisken i snøskavlen og let han fryse til dei fekk tid til å henge
han. Då måtte dei tine han opp først, og det gjorde dei ved å ha han i
ei lita not og la han ligge i sjøen til han skaut isen. Denne nota var
så stor som ei vanleg høynot og blei kalt skankenota.   
(Enok Pedersen)

Det ser ut til å ha vore vanleg skikk at fiskarane i Ytre Senja la
fangsten i snøskavlen når dei ikkje hadde tid å henge han straks. Dei
fortel om han Gammal-Ivar i Botn at han og båtlaget hans rodde med
morralina på Svendsgrunnen heimanfrå, og når veret var godt, hang dei i
med roren fem dagar i veka og kasta fisken i snøskavlen og let han
fryse. Lørdagen var dei på land og bar vekefangsten på hjellen.   
(Oluf Larsen, Botn)


I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger
jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg,
Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *