Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Futen i Aardal

Attmed Riskadalsvatnet er ein stad som dei kallar Otersteinen. Der skal dei ein gong ha drepe ein fut, etter som segni segjer.

Det var fyre 1800; det var ting paa Riskadal. Futen kravde uvanleg store skattar, og det vart murr og knurr millom folket. Bønderne samraadde seg um kva dei skulde gjera; ein av førarane var Per Skogarbø. Sume trudde det var rettast aa drepa futen; andre trudde det var rettare aa pryla honom lystugt upp og paa den maaten setja skræma paa honom. Og det gjorde dei.

Sidan vart det sak imot bønderne. I ei klaga som gjekk til kongen, vart det sagt at Per Skogarbø gjekk paa golvet og hoppa «som en gedebukk», slo seg i skinnbroki og skreik: «Lat oss taka honom! Lat oss føra honom til jamliken.» Med dette meinte han at dei skulde føra futen til Otersteinen og gjera med honom som dei hadde gjort med den andre futen i gamle dagar.

Tri mann som hadde vore upphovud til dette uppstyret, vart tekne og førde til Kjøpenhamn. Dei vart ikkje dømde; men endaa vart dei sette i eit hol og skulde sitja der resten av sitt liv. Tvo av mennerne var gifte, og konorne deira strauk av alt til Kjøpenhamn og tala med kongen. Ei av desse konorne hadde ein bror som budde i Bergen og var rik; Wallem kalla han seg. Han hjelpte til so godt han kunde. Daa felek dei kongen til aa lova at saki skulde verta etter-røkt, og so lagde dei sak imot futen. Enden vart at Aardals-mennerne slapp lause, men futen vart sett.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *