Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Fyreeign

Um nokon i næraste grannelaget kom til å døy snart, kunde ein få varsel um det på ymse vis. Fekk ein høyra det styra med sledar eller andre køyredoningar, var det eit visst varsel. Det same var tilfellet um det tok til slemra i bordmaterial som låg uppflia.

Han Håkon på Stormyrhals (Beiarn) hadde ei gammal stue standande her på garden. Det budde ikkje folk i den; men so var det eit par kveldar på vinteren eg la marke til det var slik tumult ute i denne stua. Det var jussom nokon heldt til der og flia borda. Eg kom ikkje til å tenkja noko vidare over dette då med det same.

Men få dagar deretter kom han Håkon køyrande med kostkista, på veg til Lofoten. Han var inne her hos meg og fekk låna seg ei tomtunne. For so køyrande. Eg gjekk åt svala i det same. Men her veit eg ikkje av før det legg i å ropa: «Pe, kom hitett!»

Eg kasta frå meg og sprang til, og i det same eg var med sleden, trilla han Håkon over; han vart liggjande i armlykkja mi. Eg bar han no i hus; men livet var sløkt innan eg nådde so langt. Det bar då til å gjera kiste. Han hadde nokre bord liggjande i denne stua, og desse vart tekne til det. Men under dette drog den meg til minnes denne uroa eg hadde høyrt.

Det er elles fleire måtar ein kan få varsel um dødsfall. Eg har so visst eit marke gjenom draumar. Når eg drøymer at eg ser noko som blød, dyr eller menneske, er det so visst eg får spyrja dødsfall. Og drøymer eg at eg er komen i kyrkja i berre underklean, kjem nokon til å døy ved ulukke.

Natta fyre den store ulukka i Saltelva (i 1911), hadde eg ein slik draum. Eg syntes eg var komen innåt altaren i Saltdal-kyrkja, og var i berre underklean, som eg seier. Eg leit so visst på draumen, so eg sa det åt henne Johanna um morgonen: «Ja, i dag få vi spør olukkesbod.» Eg kom meg ikkje til med arbeid, gjekk berre dreiv i dørene. Og fleire turar var eg gangande til elva; det var jussom noko sa med meg at nokon kom til å gang klar der.

To mann frå Nordnes fekk sjå feigda for desse som gjekk i elva. Dei var nedover med ein tømmerflåte, og var komne so langt som til Kvæle. Det lei då på kvelden, so dei tok land i Måkkall’n. Med dei no heldt på å gjera fast landtoga, vart det vis ein mannskapnad på Kvælsida; han var i kvite klea, og for vandra langs etter jarfall. Han gjekk nedetter til han var rett av denne steinen, der ulukka bar til, so snudde han baker. Men medkvart stussa han på og stod skøa utover elva. På dette viset såg dei han ei lang økt.

Ja, det er som eg seier, det er mangt kringum oss som varslar og gjev fyrebod, um både det so er godt og det som er vondt; men mest det siste.

Du veit vel um denne ulukka som bar til her nedi hamaren; han Randers som køyrde seg i hel. Hausten fyreåt kom eg av eit møte i soknerådet. Det var seint på kvelden og sløkt i alle hus. Eit stykke nedum Os kom eg til å få sjå eit ljos inni denne hamaren; det lyste so klårt, ein liten loge med eit blåskjer i. Eg vart no gangande sjå på dette, til eg var i svingen innum Osgarden. Der var eg skilt med ljoset.

Og var det ikkje ei varsling um denne same ulukka han Helmer vår vart ute for same hausten? Han kom av Finneide, hadde havt nattskifte. Det var bra snø å grønn i, so han kjende seg sliten. Og so sette han seg å kvila på ein stabbestein der i hamaren. Med han no sat der, vart det ein skarp låt frami vegen. Han tenkte på eit bilhorn med det same. Men der var ingen bil.

Ja, då han Randers køyrde seg over, kom han til å bli liggjande over bilhornet. Og han Helmer var ein av dei fyrste som kom ditett, og får då høyra hornet som øler. Då med eitt ranns det han i tanken denne ulåten han høyrde der hausten fyreåt (Fauske).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *